Lorentz Nybø

Faktaboks

Lorentz Nybø
Født
4. september 1870, Flora (no Kinn), Vestland
Død
5. mars 1912, Voss, Vestland
Av /Nynorsk kultursentrum/Digitalt Museum.

Artikkelstart

Lorentz Nybø var ein norsk diktar og redaktør for bladet Unge Skud/Unglyden. Bladet ville opplyse om og vekkje interesse for samfunnsspørsmål hos ungdom.

Bakgrunn

Lorentz Nybø var fødd på Nybø i Flora (no Kinn) i Nordre Bergenhus amt (no Vestland) og døydde på Voss i Nordre Bergenhus amt. Etter folkeskulen begynte Nybø i 1884 som typograflærling hos broren Jakob Olsen, som hadde kjøpt eit prenteverk på Nordfjordeid. Etter læretida var han styrar av dette prenteverket fram til 1891.

Frå 1891 til 1892 var Nybø typograf i avisa Folketidende i Trondheim. I 1892 flytte han til Oslo, der han var tilsett i Det Mallingske Boktrykkeri eit års tid. Truleg var det i Oslo-tida han vart politisk radikalisert, der han mellom anna vart kjend med den radikal målmannen og redaktøren Rasmus Steinsvik.

Unge Skud

Hausten 1893 begynte han å gi ut Unge Skud, eit debatt- og opplysningsblad for ungdom, som også tente som meldingsblad for ungdomslagsrørsla. Unge Skud var eit radikalt politisk blad, med hard kritikk av dei som hadde samfunnsmakt, ikkje minst kyrkja og militærstellet. Heilt frå byrjinga var Unge Skud eit blad der mange amatørdiktarar fekk tekstane sine på prent, men også ein meir etablert forfattar som Anders Vassbotn skreiv i bladet. Dei første to åra var målforma dansk-norsk, men i 1895 gjekk bladet over til landsmål.

I 1896 vart Nybø tilsett som styrar av lokalavisa Hordaland sitt prenteverk på Voss. Saman med Olaus Alvestad kjøpte han avisa og prenteverket i 1898. Nybø tok Unge Skud med seg til Voss og heldt fram som redaktør til han døydde. Bladet endra namn til Unglyden i 1898. Frå 1897 var Unge Skud/Unglyden organ og medlemsblad for Noregs Ungdomslag.

Forfattarskapen

Nybø gav ut to diktsamlingar, Ungt blod (1896) og Bekkjesikl (1907). I den første er målforma dansk-norsk, men i den andre har Nybø gått over til landsmål. Dikta i Ungt blod er retta mot dei unge, med appell om å engasjere seg for rettferd, fridom og framsteg. Nokre av dikta er reine kampdikt, med revolusjonært innhald. I Bekkjesikl er den revolusjonære gløden dempa. I staden har det nasjonale fått sterkare rom, med dikt som uttrykkjer kjærleik til fedrelandet, målet, flagget og naturen.

Anna engasjement og utmerkingar

I 1892 var Nybø med på å skipe Eid Ungdomslag, der han var den første formannen og aktiv i laget dei åra han budde på Nordfjordeid. I 1917 vart det reist ein minnestein over Nybø på Voss.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anders A. Lothe: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane. Stryn 1950
  • Edvard Os: Eid og Hornindal. Oslo 1953
  • Edvard Os: «Minne fraa samvære og samyrke med den frilynde ungdomen i Nordfjord», i Ola Sande (red.): Firda ungdomslag i 25 aar. Sandane 1922
  • Arnulv Sudmann (red.): Norsk Allkunnebok, band IX. Oslo 1959
  • Jon Tvinnereim: «'Unge Skud' – ei radikal Nordfjordavis», Årbok for Nordfjord 1979

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg