Lise Christoffersen

Faktaboks

Lise Christoffersen
Født
5. august 1955, Drammen, Viken

Artikkelstart

Lise Christoffersen er statsvitar og tidlegare ordførar i Drammen. Ho er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Buskerud sidan 2005.

Bakgrunn

Lise Christoffersen er fødd i Drammen i Buskerud (no Viken). Ho gjekk vidaregåande skule ved Drammen gymnas i 1971–1974, tok cand.mag.-graden i 1979 og hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1989, med ei hovudfagsoppgåve om dei folkevalde og administrasjonen sin innverknad på kommunalt budsjettarbeid.

Ho var vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo i 1982–1983, forskingsassistent ved Fondet for markeds- og distribusjonsforskning i 1983–1984 og konsulent og førstekonsulent i Sosialdepartementet i 1984–1989. Christoffersen var forskingsassistent og forskar ved Institutt for sosialforskning i 1989–2005, og seniorrådgivar ved Asplan Viak A/S i 2004–2005.

Politisk karriere

Christoffersen var medlem i 1976–1982, deretter leiar i 1982–1983, av styret i Drammen AUF, samt medlem i styret i Buskerud AUF. Ho var medlem i styret i Drammen Arbeidarparti i 1980–1995. Christoffersen var bystyrerepresentant i Drammen i 1979–1983, sat i formannskapet i 1983–1991, var varaordførar i 1991–1995 og ordførar i Drammen i 1995–2003. Ho var leiar av DNAs kommunalutval i 2003–2005 og av programkomiteen i 2003. Ho var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet i 2005–2009.

Christoffersen har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2005. I si fyrste stortingsperiode i 2005–2009 var ho andre nestleiar i arbeids- og sosialkomiteenStortinget, og var i 2013–2021 igjen medlem i same komite. For stortingsperioden 2021–2025 vart ho vald inn som medlem i finanskomiteen og i fullmaktskomiteen. Ho er særleg oppteken av eit inkluderande samfunn og kampen mot fattigdom.

Andre verv

Ho har hatt ei lang rekkje verv, mellom anna forstandarskapet for Sparebanken Buskerud i 1980–1987, representantskapet i A/S Finans i 1987–1988, styret for avisa Fremtiden i 1991–1999 og styret for Kommunenes Sentralforbund Buskerud i 1991–2003. Christoffersen var leiar av Drammen havnevesen i 1995–2003, kontaktutvalet for Veipakke Drammen i 1991–2003 og brukarutvalet ved Radiumhospitalet i 2002–2005. Ho var styremedlem i Vinmonopolet i 1996–2003 og i rådet for Vestregionen i 1995–2003. Ho fekk Bymiljøprisen i 2003 på vegner av Drammen kommune.

Utgjevingar

Christoffersen har skrive artiklar i fleire fagbøker og har mellom anna laga INAS-rapporten Uførepensjonen på 80-tallet. Nasjonal vekst med lokale variasjoner (1995).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg