Faktaboks

Offisielt namn
KVINNHERINGEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Husnes
Stifta
1973
Dagleg leiar
Mona Grønningen (ansvarlig redaktør)
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kvinnheringen er ei lokalavis for Kvinnherad som kjem ut på Husnes to gonger i veka i papirformat, elles som e-avis. Avisa kom første gong ut i 1973. Kvinnheringen er frå 1998 eigd av Amedia AS.

Kvinnheringen vart i 2015 tildelt prisen Årets lokalavis i Europa av European Newspaper Awards, og i 2018 vart den kåra til Årets lokalavis.

Digitalt

Kvinnheringen publiserer både på nett og papir, og har sidan 1996 hatt nettavis. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld for Kvinnheringen som for andre Amedia-aviser. Det daglege lesartalet på papir og nett var i fjerde kvartal 2023 totalt 8079, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

«Er det meiningslaust og uklokt å starte eit nytt blad i tider då alle snakkar om avisdøden?» spurde grunnleggjaren Kristian Hus i første nummer av bladet Kvinnheringen, 3. januar 1973. Redaktør Torfinn Myklebust hadde ikkje noko kontor å gå til, han arbeidde heimanfrå. I kommunesenteret Rosendal hadde lokalbladet Grenda drive sidan 1951 og var dermed ein konkurrent. Men konkurransen utanfrå var endå sterkare, Haugesunds Avis og Bergens Tidende hadde «delt» bygda mellom seg. Smått om senn vart det nye bladet avis for heile kommunen – og utan at Grenda vart teken av avisdøden. Grunnleggjarane hadde rekna med å bli suppleringsavis til Grenda, men det vart motsett.

Som så mange andre aviser hadde Kvinnheringen sitt grunnlag i eit trykkeri. I 1965 hadde Kristian Hus og Kåre Nedrevåg gått i gang med eit aksidenstrykkeri, samstundes med at storindustrien etablerte seg på Husnes. Framleis var ein i blytida, men overgangen til data og offset kom etter nokre år, det same gjorde bokutgjeving på eige forlag.

Kristian Hus var eigar og utgjevar dei første åra, men alt i 1976 hadde bladet fått så stor tillit at det vart råd å skipe aksjeselskap for heile verksemda, avis, trykkeri og forlag.

Opplag

Opplagstall for Kvinnheringen, 1986-2022

1986 4291
1988 4622
1990 4432
1991 4304
1992 4370
1993 4244
1994 4350
1995 4577
1996 4697
1997 4804
1998 4863
1999 4809
2000 4806
2001 4539
2002 4478
2003 4533
2004 4605
2005 4545
2006 4542
2007 4595
2008 4571
2009 4502
2010 4458
2011 4369
2012 4325
2013 4302
2014 4143
2015 3941
2016 4031
2017 4199
2018 4408
2019 4404
2020 4415
2021 4168
2022 4105
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1977 2251
1988 4622
1999 4863
2008 4571
2015 3865
2017 4199
2020 4415
2021 4168
2022 4105
2023 3973

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal nytta for digitalt abonnement og papirabonnement.

Fakta

  • Fyrste nr. 3.1.1973.
  • Avisa vart ein del av Amedia AS i 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg