Artikkelstart
Grenda er ei lokalavis som vert gitt ut i Rosendal. Avisa kjem ut tre gonger i veka og dekkjer i hovudsak Kvinnherad kommune. Største eigarar i avisa er Bladstova og Haugesund Avis. Redaktør er Håvard Sætrevik.
Grenda er ei lokalavis som vert gitt ut i Rosendal. Avisa kjem ut tre gonger i veka og dekkjer i hovudsak Kvinnherad kommune. Største eigarar i avisa er Bladstova og Haugesund Avis. Redaktør er Håvard Sætrevik.
Grenda kom med første nummer 13. september 1951. Grunnleggjaren var Olav Aurvoll, som hadde flytta til Rosendal to veker tidlegare. Avisa skulle vera eit bygdeblad for «Kvinnherad og grannelaget», politisk uavhengig og på nynorsk. Aurvoll kom frå Fosnavåg på Sunnmøre, der han dreiv avisa Vestlandsnytt.
I Grenda var Aurvoll redaktør, journalist, setjar, trykkar, avisbod og seljar. For å spara tid skreiv han gjerne stoffet rett inn på setjemaskinen, utan manuskript. Trykkinga skjedde først på ei lita flattrykkpresse frå 1880. Den offsetrotasjonspressa Grenda kjøpte i 1975, som den første avisa i fylket, var presse nummer ti i rekka.
Då første nummer gjekk i trykken, hadde han ni abonnentar. Den tiande vart teikna på veg frå trykkeriet. Derifrå gjekk det raskt oppover. Etter vel eitt år var opplaget omlag 1250, og i 1955 var det 1760. Frå 1954 auka frekvensen frå ei til to utgåver i veka.
Sjølv om Aurvoll laga ei særprega avis som mange elska, makta han ikkje å gjera Grenda uunnværleg for alle delar av Kvinnherad. I 1974 var husstandsdekninga så vidt over 50 prosent. Då Kvinnheringen vart skipa på Husnes i 1973, gjekk det berre fem år før bladet var størst av dei to, og dei neste åra heldt avstanden fram med å auka.
Da Aurvoll døydde i 1979, vart Grenda ført vidare av Knut Hass. Han og familien dreiv avisa heilt til 2000, då Hass gjekk av med pensjon.
Kvinnheringen vart kjøpt av A-pressen i 1998. Då Hass skulle gje seg, prøvde A-pressen å overta Grenda og, for å leggja ho ned. Resultatet var i staden at Grenda vart overteken av Haugesunds Avis (32 prosent), avisa Sunnhordland på Stord og lokale aksjonærar. Dei nye eigarane rusta opp avisa, og opplaget auka noko etter eigarskiftet.
År | Opplag |
1962 | 1161 |
1974 | 2965 |
1983 | 2451 |
1998 | 2092 |
2008 | 2550 |
2015 2017 2018 2019 2020 2021 |
2286 2255 2196 2246 2343 2624 |
Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.