«Er det meiningslaust og uklokt å starte eit nytt blad i tider då alle snakkar om avisdøden?» spurde Kristian Hus i første nummer av bladet Kvinnheringen, 3. januar 1973. Kristian Hus var ein ung mann. Det var også redaktøren, læraren Torfinn Myklebust, men han var i det minste son av ein gamal bladmann og stortingsmann, Thor Myklebust i Bergens Tidende. Alt var smått då dei laga første bladet sitt. Redaktøren hadde ikkje noko kontor å gå til, han arbeidde heimanfrå. Utgjevarstaden Husnes i Kvinnherad var midt i sin første vekst, det store aluminiumverket hadde levert sine første barrar i 1965, og nordanfor, i kommunesenteret Rosendal, hadde lokalbladet Grenda drive sidan 1951. Konkurransen utanfrå var endå sterkare, Haugesunds
Avis og Bergens Tidende hadde delt bygda mellom seg. På Stord prøvde avisa Sunnhordland å gjere kvinnheringane til sunnhordlendingar det var ikkje så rart, for med kommunereguleringane i 1964 var heile Kvinnhe rad flytta sørover, bygda heldt på å bli meir Sunnhordland enn Hardanger.
Tida var rett. Mange aviser som viste seg å ha livsens rett, kom til i dei same åra som Kvinnheringen. Staden var rett. Husnes og søre delen av kommunen opplevde vekst og tilflytting. Den gamle motsetnaden mellom Kvinnherads-bygdene bleikna, og smått om senn blei det nye bladet avis for heile kommunen – og utan at Grenda blei teken av avisdøden. Grunnleggja- rane hadde rekna med å bli suppleringsavis til Grenda, men det blei motsett.
Som så mange andre aviser hadde Kvinnheringen sitt grunnlag i eit trykkeri. I 1965 hadde Kristian Hus og Kåre Nedrevåg gått i gang med eit aksidenstrykkeri, samstundes med at storindustrien etablerte seg på Husnes. Framleis var ein i blytida, men overgangen til data og offset kom etter nokre år, det same gjorde bokutgjeving på eige forlag.
Kristian Hus var eigar og utgjevar dei første åra, men alt i 1976 hadde bladet fått så stor tillit at det blei råd å skipe aksjeselskap for heile verksemda, avis, trykkeri og forlag, og bladet har sjølvsagt lenge hatt si eiga nettutgåve.
Aksjeselskapet var lokalt fundert, men i 1998 tok A-pressekonsernet over Kvinnheringen. Det førde ikkje til noko politisk skifte, bladet var ikkje grunnlagt som talerøyr for noko politisk parti, og er det framleis ikkje.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.