Avishode Kongsberg Blad
Avishode Kongsberg Blad
Norsk presses historie.

Kongsberg Blad var ei avis som kom ut i Kongsberg frå 1887 til 1960. Kongsberg Blad tok til som Venstre-avis i 1887, men fekk ei omskifteleg historie med fleire namneskifte og samanslåingar. Redaktør Martinius Vanberg styrte avisa i 34 år, og familien Vanberg skapte eit avisdynasti på Kongsberg.

Historie

Framsida av Kongsberg Blad 11. oktober 1887.
Redaktør Martinus Vanberg i Kongsberg Blad.

Tidlegare tiders redaktørar hadde også sans for spøk med kollegaer. Redaktør Martinus Vanberg (biletet) fortel om korleis han og redaktør Storm i Kongsberg Adresse skremde stadsingeniøren i byen. Sistnemnde var ein omstridd person som stadig låg i krangel med sine overordna. Etter at ei utgåve av "Adressen" var ferdig, laga dei to herrene, hjelpte av Knut Hamsun, ei eiga utgåve av avisa berre til stadsingeniøren. Der vart det lagt inn eit oppdikta intervju med mannen, spekka med injurier og fornærmingar mot magistraten og formannskapet. Stadsingeniøren budde på hotell, og då han kom for å innta sin middag, ventet ein flaske øl og ei fersk avis på han. Ifølgje Vanberg forlet Stadsingeniøren spisesalen baklengs med sin avis og sin øl. Dei neste 14 dagane heldt han seg på sitt rom. Den same stadsingeniøren var òg brannmeister, og ein kollega av Vanberg skreiv ein gong om ein brann: "Huset brann ned til grunnen under brannsjefens dyktige leiing."

Redaktør Martinus Vanberg i Kongsberg Blad.
Norsk presses historie.

Hausten 1887 fekk Venstre samla inn nok pengar til eit bladselskap, og det første nummeret av Kongsberg Blad kom 1. oktober, med bok- og papirhandlar Helge Johansen Buen som utgivar. Broren Anders Buen var typograf og stod for setjing og trykking. Anders Buen blei seinare stortingspresident for Arbeidarpartiet i 1919, etter å ha gjort karriere som mellom anna avisredaktør for Social-Demokraten i Kristiania og Ny Tid i Trondheim.

I 1907 blei Martinius Vanberg redaktør. Avisa hadde slite dei føregåande åra med hyppige redaktørskifte. Vanberg, som var utdanna i det grafiske faget, kjøpte avisa og gjekk over til éi dagleg utgåve. Samtidig bytte avisa namn til Kongsberg Dagblad, etter forslag frå Knut Hamsun, som då skreiv romanen Rosa på eit hotell i byen. Vanberg blei opphavet til eit lite avisdynasti på Kongsberg, der sønene Malm, Bent og Stig òg blei pressefolk. Far og son Vanberg hadde opp gjennom åra fleire medredaktørar og politiske redaktørar ved sida av seg, deriblant R.L. Eide, Otto Monsen, Einar Vinbæk og Arve Kværnum.

Frå 1924 var avisa organ for Venstre i Buskerud, etter at Buskeruds Amtstidende var lagt ned. Samtidig blei Buskerud Dagblad etablert som ei parallellavis, som skulle dekkje landsbygda. Avisa var i åra før blitt rekna som organ for målrørsla i fylket. Avisa fronta òg fråhaldssynspunkt.

Stoppa under krigen

I 1942 blei Kongsberg Dagblad stoppa, og Vanberg var blant dei første pressefolka som blei arresterte under andre verdskrigen. Avisa starta opp att i 1945, men blei ein svak konkurrent til den dominerande Laagendalsposten. Frå 1952 gjekk Buskerud Dagblad over til å bli organ for Bondepartiet i fylket. Etter nokre år sa Buskerud Bondeparti opp avtalen med Kongsberg Dagblad, og partiet starta i 1957/58 opp att avisa Kongsberg Tidende / Buskerud Bygdeblad, som ikkje hadde vore gitt ut sidan krigen.

Avistradisjonen var sterk i familien Vanberg. I 1960 måtte Malm Vanberg legge ned Kongsberg Dagblad, men trykkjeriverksemda heldt fram med stor suksess i lokala i Myntgata. Etter at Malm døydde overtok sonen Marcel firmaet, som tredje generasjon under namnet M. Vanbergs Trykkeri AS. Seinare blei namnet endra til Vanberg AS, som er ein del av Prinfokjeda.

Opplag

År Opplag
1932 3 000

Fakta

  • Kongsberg Blad: Fyrste nr. 1.10.1887, fyrste redaktør: Ths. Münster.
  • Kongsberg Dagblad: Fyrste nr. 16.1.1908, fyrste redaktør: Martinus Vanberg. Førebels siste nr. 31.3.1942. Utkom 8.6.1945–31.12.1960.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Buskerud krets av Norsk Presseforbund: Pressen i Buskerud. Drammen 1947.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg