Kongelova

Artikkelstart

Kongelova var ei lov som vart gitt av Frederik 3. og inneheldt Danmark-Noregs statsforfatning under eineveldet (1660–1814). Lova danna rettsgrunnlaget for det dansk-norske eineveldet, og er det næraste ein kjem ei grunnlov for det dansk-norske eineveldet. Ho vart underteikna av kongen 14. november 1665 etter fleire års førebuingar.

Faktaboks

Også kjent som

Kongeloven

Arbeidet med lova tok til i 1661. Ho er i hovudsak skriven av Peder Schumacher, som seinare vart adla til greve under namnet Griffenfeld, etter at han i 1663 vart kongeleg arkivar og bibliotekar. Lova er rekna som det rettsdokumentet som tydelegast har gitt ein monark eineveldig makt.

Bakgrunnen for lova var det kongelege kuppet ved standsforsamlinga i 1660, som var kalla saman for å løyse krisa i statsfinansane etter krigane mot Sverige i 1657‒1660. Her fekk Frederik 3. til ein avtale med dei borgarlege og geistlege som gav adelen ein del av skattebyrda og samtidig gjorde kongemakta arveleg. Arvemakta erstatta ordninga med at det var det adelege riksrådet som valde konge. Ho avskaffa dermed dei personlege handfestingane, som var den typen styringsavtalar som vart brukte før 1660. Eit utval skulle i staden utarbeide ei ny statsforfatning, men kongen sine menn i utvalet fekk gjennom at denne i praksis skulle avgjerast av monarken sjølv. 10. januar 1661 skreiv krona derfor ut den såkalla arveeinevaldsregjeringsakta, rettsstykket som innførte eineveldet i Danmark-Noreg.

Kongelova stadfesta einevaldsmakta. Den andre paragrafen slo fast at einevaldskongen skulle haldast som «det ypperste og høyeste hoffved her paa Jorden, offver alle Menniskelige Lowe», og i den tredje vart det halde fast at monarken skulle ha «Magt og Myndighed till at giøre Lowe og forordninger effter sin eygen gode Villie og Velbehag». Dessutan skulle kongen utnemne alle statlege embetsmenn, etter den fjerde paragrafen. Mange av dei 40 paragrafane i lova var elles sette av til å avgjere reglane for arverett og arvefølgje. Lova har eit naturrettsleg trekk, men også eit sterkt teokratisk preg, og skildrar Gud som eigentleg statsstyrar.

Sidan regjeringsaktene tente som grunnleggjande rettsdokument, vart kongelova halden hemmeleg til etter tronskiftet i 1670, då Christian 5. kom til makta. Då vart ho lesen opp medan Christian 5. vart salva. Ho vart trykt i 1709. I Danmark gjaldt ho til 1849, då eineveldet vart avskaffa og landa vart eit konstitusjonelt monarki. I Noreg tente ho som statleg grunnlov fram til sjølvstendet i 1814.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg