Kongelige kvinner i Det gamle Egypt

Gjennom sin status som manifestasjon av det feminine element i kosmos fungerte dei kongelige kvinnene som eit medium for den evige syklusen av kongedømet. Kongemora vart identifisert med Isis, som var sentral i ideologien bak kongemakta.

Lenge forklarte ein førekomsten av bror–søster ekteskap i kongefamilien ved at retten til kongemakt vart overført gjennom den kvinnelige lina av kongefamilien frå ei "arveprinsesse" til den neste (Reisner 1931: 239). Gay Robins motbeviste denne teorien i 1983 kor på ho hevda at førekomsten av bror-søster ekteskap i kongefamilien er overdrive, men hennar mest sentrale argument mot teorien er ei betydeleg mengd  dronningar frå ikkje-kongelig bakgrunn, samt manglande høve til å identifisere eventuelle "arveprinsesser" (Robins 1983).

Dei kongelege kvinnene frå det gamle riket (ca. 2543 - 2120 fvt.), dynasti 18 (ca. 1539 - 1272 fvt.) har ei unik rolle i tekst og avbiletingar. Frå dynasti 18 vart det feminine element vektlagt synkront, og som likeverdig med det maskuline element (Troy 1986; Larsen 1999). Hensikta bak kongelege monument og ikonografi var å proklamere statsmakta sine synspunkt ovanfor folket og å gjere motiva udødelege (Bryan 1996, 25). Den auka avbiletinga av dei kongelege kvinnene, samt profileringa av auka makt og innflytelse, opnar for spørsmål kring ringverknadar  og eventuelle endringar i rolla til kvinner flest i dette tidsrommet. Det er trass alt unntaka som skaper høve for ei anna verkelegheit (Robins 1989, 106).

Av dei viktigaste kongelige kvinnene, kan du lese meir om Merneith, Hatshepsut, Nefertiti, Tauseret og Kleopatra.

Hawass, Zahi, (2008) Mother, Wife, or Daughter of the King: Queenship in Egypt. In Queens of Egypt: From Hetepheres to Cleopatra, edited by C. Ziegler, 46-61. Monaco: Grimaldi Forum.

Larsen, Ann Brit Oseland, (1999). Det kvinnelige element i myter og i kongedømmet i det 18. dynasti i det gamle Egypt, [A.B.O. Larsen], Oslo.

Reisner, George A., (1931). Mycerinus; The Temple of the Third Pyramid at Giza. Cambridge, Massachusettes: Harvard University Press.

Robins, Gay, (1983). A critical examination of the theory that the right to the throne of ancient Egypt passed through the female line in the 18th dynasty. Göttingen Miszellen 62, 67-77.

Troy, Lana, (1986). Patterns of Queenship in ancient Egyptian myth and history. Uppsala: Distributors: Almqvist & Wiksell International, Stockholm.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.