Faktaboks

Kleopatra

Kleopatra 7, Kleopatra VII, Cleopatra

Fødd
69 fvt.
Død
30 fvt., Alexandria, Egypt
Kleopatra
Kleopatra
Av .

Kleopatra. Veggrelieff i Hathortempelet i Dendera, Egypt.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Kleopatra

Kleopatra. Byste som antakelig ble laget mens hun levde med Caesar i Roma.

Kleopatra
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kleopatra var dronning i Det gamle Egypt og regjerte frå 51 til 31 fvt. Kleopatra var den siste i rekkja av dei ptolemaiske herskarane. Kleopatra forsøkte å styrke Egypts posisjon ved å inngå alliansar med Gaius Julius Caesar og Marcus Antonius, men måtte til slutt gi tapt for Oktavian (seinare keisar Augustus) og tok deretter sitt eige liv.

Familie og bakgrunn

Kleopatra var dotter til Ptolemaios 12 og vart fødd cirka 69 fvt. Då faren døydde i 51 fvt., arva Kleopatra trona.

Formelt styrte Kleopatra Egypt saman med brørne, Ptolemaios 13 og Ptolemaios 14, og sonen Ptolemaios 15, i kronologisk rekkjefølgje, men det var liten tvil om kven den dominante parten var.

Utdanninga til Kleopatra var svært variert. Den innehaldt litteratur, kunst, musikk, retorikk, språk, rekning, geometri, astronomi og medisin. Sidan Alexandria var det intellektuelle og kulturelle midtpunktet i middelhavsverda, var alle læremeistrarane hennar leiande innan sine fagfelt.

Kleopatra skal også være den einaste av dei ptolemaiske herskarane som lærte seg egyptisk.

Borgarkrig i Roma og Egypt

I år 49 fvt. braut det ut borgarkrig i Romarriket mellom Caesar og Gnaeus Pompeius. Pompeius vart slått i år 48 fvt. og søkte dekning i Egypt der han vart drepen av Ptolemaios 13.

På dette tidspunktet var det også borgarkrig i Egypt mellom Ptolemaios 13. og Arsinoe 4. (ei yngre søster) på den eine sida, og Kleopatra på den andre.

Caesar følgde etter Pompeius til Egypt, og ankom dermed midt under den egyptiske borgarkrigen. Caesar og hans legionar tok parti med Kleopatra. Det endelege slaget stod like utanfor Alexandria den 27. mars i år 47 fvt. Den egyptiske hæren vart knust, Ptolemaios 13. døydde i kampane, og Arsinoe vart fengsla og send i lenker til Roma.

Kleopatra og Caesar

Cæsar gir Kleopatra Egyps trone
Maleri fra 1637 av den italienske maleren Pietro da Cortona.
Cæsar gir Kleopatra Egyps trone
Av /Musée des Beaux-Arts, Lyon, Frankrike.

Alliansen mellom Caesar og Kleopatra var gunstig for båe partar; Caesar var den mektigaste mannen i Romerriket og Kleopatra tilhøyrde det rikaste, eldste og mest respekterte gjenlevande kongehuset i middelhavsverda. I juni 47 fødde Kleopatra sitt første barn. Namnet Ptolemaios 15. Caesar (Caesarion) etterlet lita tvil om opphavet.

15. mars i år 44 fvt. vart Caesar drepen. I Roma bygde det seg opp til ny maktkamp, og Kleopatra trong tid til å vurdere kva for side ho skulle alliere seg med. I år 41 fvt. gjorde Kleopatra sitt endelege val og spelte alle sine kort på Marcus Antonius (83–30 fvt.).

Kleopatra og Marcus Antonius

Kleopatra sitt liv med Marcus Antonius var ei endelaus rekkje av selskap og hygge. Dronninga var alltid ved hans side, og saman med sine næraste utgjorde dei den intellektuelle og sosiale eliten i Alexandria. I denne tida vart Kleopatra og Marcus Antonius sine første barn født; tvillingane Kleopatra Selene og Aleksander Helios.

I år 34 feira Marcus Antonius triumfane sine i Alexandria. Feiringane vara fleire dagar til ende, og nådde sitt absolutte høgdepunkt i Alexandria sitt Gymnasium då Marcus Antonius fordelte dei austlege delane av Romerriket mellom Kleopatra og borna hennar.

Som regent for alle borna sine tok Kleopatra sjølv tittelen «dronning over alle kongar» og nådde i dette augneblikket toppen av si karriere. Egypt var eit imperium med dimensjon og makt på høgde med sine tidlegare glansdagar.

Dette var imidlertid meir enn Roma kunne tåle, og i oktober år 32 fvt. vart difor Marcus Antonius formelt fråteken all makt i Roma samstundes som det vart erklært krig mot Kleopatra og Egypt.

Krig mot Oktavian

Det endelege oppgjeret fann stad ved Actium nord på den greske vestkysten i år 31 fvt. Ved hjelp av sin eminente general Agrippa (63–12 fvt.), var det Oktavian (seinare keisar Augustus) som gjekk sigrande ut av dette oppgjeret, og berre hundre av Kleopatra sine skip klarte å komme seg ut av nederlaget og returnere til Alexandria.

31. juli same år stod det siste slaget utanfor Alexandria, og byen fall for den romerske overmakta. Kleopatra tok sitt eige liv 39 år gamal.

Kleopatra i moderne teater og film

Filmplakat til Cleopatra (1963)
.

Historia om korleis Kleopatra nytta alle tilgjengelege midlar for å styrke interessene sine har fascinert generasjonar. Interessa for Kleopatra kan ein spore attende til 1600-talet då blant andre William Shakespeare skreiv tragedien «Antony and Cleopatra».

Frå 1900-talet er det Hollywood si storsatsing «Cleopatra» (1963), med Elizabeth Taylor i hovudrolla, som er mest kjend. I TV-serien «Rome» (2005–2007), har Kleopatra ei sentral rolle.

Det kan verke som at dei mange mysteria rundt denne heilt spesielle kvinna aldri sluttar å trollbinde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grant, Michael, (1972). Cleopatra. London: Phoenix Press.
  • Jones, Prudence J., (2006). Cleopatra – A sourcebook. Norman: University of Oklahoma Press.
  • Kleiner, Diana E. E., (2005). Cleopatra and Rome. Cambridge (Massachusetts); London: The Belknap Press of Harvard University Press.
  • Klynne, Allan, (2010). Kleopatra: Historien og mytene: Cappelen Damm AS.
  • Roller, Duane W., (2010). Cleopatra. Oxford; New York: Oxford University Press.
  • Skumsnes, Reinert Vikjord (2010). Kleopatra – dronning over alle kongar. Levende Historie 3, 20–29.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg