Isis

Isis. Freske fra Nefertaris’ grav i Dronningenes dal ved Theben, 19. dynasti. Isis (til venstre) er fremstilt sammen med dronning Nefertari.

Av /KF-arkiv ※.

I Det gamle Egypt spela kvinner ei viktig rolle i kongefamiliane. Gjennom sin status som manifestasjon av det feminine element i kosmos fungerte dei kongelige kvinnene i Det gamle Egypt som eit medium for den evige syklusen av kongedømet. Kongemora vart identifisert med Isis, som var sentral i ideologien bak kongemakta.

Dei viktigaste kongelige kvinnene var Merneith, Hatshepsut, Nefertiti, Tauseret og Kleopatra. Nokon av desse nøgde seg ikkje med å vere dronningar, men tok kongens mannlege titulatur og lot seg krone som kvinnelege faraoar.

Ekteskap

Lenge forklarte ein førekomsten av bror–søster ekteskap i kongefamilien ved at retten til kongemakt vart overført gjennom den kvinnelige lina av kongefamilien frå ei «arveprinsesse» til den neste. Gay Robins motbeviste denne teorien i 1983 kor på ho hevda at førekomsten av bror-søster ekteskap i kongefamilien er overdrive, men hennar mest sentrale argument mot teorien er ei betydeleg mengd dronningar frå ikkje-kongelig bakgrunn, samt manglande høve til å identifisere eventuelle «arveprinsesser».

Kunst

Dei kongelege kvinnene frå det gamle riket (ca. 2543–2120 fvt.), dynasti 18 (ca. 1539–1272 fvt.) har ei unik rolle i tekst og avbiletingar. Frå dynasti 18 vart det feminine element vektlagt synkront, og som likeverdig med det maskuline element. Hensikta bak kongelege monument og ikonografi var å proklamere statsmakta sine synspunkt ovanfor folket og å gjere motiva udødelege. Den auka avbiletinga av dei kongelege kvinnene, samt profileringa av auka makt og innflytelse, opnar for spørsmål kring ringverknadar og eventuelle endringar i rolla til kvinner flest i dette tidsrommet. Det er trass alt unntaka som skaper høve for ei anna verkelegheit.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hawass, Zahi, (2008) Mother, Wife, or Daughter of the King: Queenship in Egypt. In Queens of Egypt: From Hetepheres to Cleopatra, edited by C. Ziegler, 46-61. Monaco: Grimaldi Forum.
  • Larsen, Ann Brit Oseland, (1999). Det kvinnelige element i myter og i kongedømmet i det 18. dynasti i det gamle Egypt, [A.B.O. Larsen], Oslo.
  • Reisner, George A., (1931). Mycerinus; The Temple of the Third Pyramid at Giza. Cambridge, Massachusettes: Harvard University Press.
  • Robins, Gay, (1983). A critical examination of the theory that the right to the throne of ancient Egypt passed through the female line in the 18th dynasty. Göttingen Miszellen 62, 67-77.
  • Troy, Lana, (1986). Patterns of Queenship in ancient Egyptian myth and history. Uppsala: Distributors: Almqvist & Wiksell International, Stockholm.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg