Kinsarvik - tettsted

Et bryllupsfølge ankommer Kinsarvik kyrkje i båt, sannsynligvis sent på 1920-tallet eller tidlig på 1930-tallet.
Av /Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Kinsarvik, tettstad og administrasjonssenter i Ullensvang kommune, Hordaland. Tettstaden ligg inst i Kinsarvikbukta i Hardangerfjorden, aust for munninga av Sørfjorden. Frå tettstaden fører Husedalen søraustover opp til Hardangervidda; gjennom dalen renn elva Kinso som har sitt utløp i tettstaden.

Faktaboks

innbyggertall:
551 (2016)

Kinsarvik har noko småindustri, mellom anna produksjon av stål- og tinnbestikk (Hardanger Bestikk AS). Rv. 13 går gjennom tettstaden, og det er bilferjesamband til Utne og Kvanndal. Staden er kjend mellom turistar, med hotell og campingplassar.

Kinsarvik har middelalderkyrkje (1150-1200) i romansk stil med restar av eldre stolpekyrkje frå 1000-tallet under. Restar av langskipsnaust fra skipreidetida (ca. 900–1350) ved ferjeleiet. På 1500- og 1600-talet var det stor trelasteksport til Storbritannia, Skotteflu ved ferjeleiet.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg