Husedalen er ein dal på den vestlege delen av Hardangervidda og omfattar nedre delen av Kinsos dalføre, Ullensvang kommune, Vestland fylke. Den strekkjer seg frå Kinsos utløp i Hardangerfjorden i Kinsarvik tettstad oppover omlag til skoggrensa. Kinso dannar i Husedalen eit mektig fosselandskap med mellom anna Tveitafossen, Nyastølfossen, Nykkjesøyfossen og Søtefossen.

Veg fører opp nedre del av Husedalen til Kinso kraftverk (omlag 160 moh.) som nyttar fallet i Tveitafossen i Kinso. Herfrå går merka rute vidare opp dalen til rutenettet på Hardangervidda. Like over skoggrensa tar ruta til Stavali turisthytte av austover frå Husedalen.

Den øvre delen av Husedalen ligg i Hardangervidda Nasjonalpark.

Kart

Husedalen
Husedalen
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg