Faktaboks

Josef G. Larssen

Josef Gornitzka Larssen

Fødd
23. november 1918, Stavanger
Død
5. desember 2014

Josef G. Larssen var ein norsk visediktar og agronom. Sjølv om han budde på Austlandet størstedelen av livet, vart han kjend som ein av dei store diktarane av viser frå kystmiljøet i Hordaland.

I oppveksten flytta han og familien frå Stavanger til Skudeneshavn, og han budde òg i Danmark og på Jæren, før han i 1948 til slutt slo seg ned på Austlandet.

Larssen, som var utdanna agronom, byrja tidleg å skrive songtekstar, mellom anna til revyar. Frå 1958 til 1988 arbeidde han som vaktmeister ved Noregs landbrukshøgskuleÅs, og der var han i ei årrekkje ein viktig bidragsytar til studentrevyane.

Mange kjenner tekstane til Larssen frå plateinnspelingar med artistar som Salhuskvintetten, Kari og Ivar Medaas og Stanley Jacobsen. I samarbeid med komponisten Monrad Holm Johnsen laga Larssen populære viser som I morgon, i morgon, Ver glad i den nasen du har og Da ska' bli andre boller når papen kjem heim til jul.

Larssen, som hadde ei søster på Lindås, kjende kystkulturen i Hordaland godt, noko som viser att i tekstane hans. I visene skildrar Larssen kvardagsliv, kjærleik og lagnader i eit vestlandsk kystlandskap, der sjøen, vêret og årstidene ofte spelar ei viktig rolle.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg