Jomsborg er eit norrønt namn på ei mytisk vikingborg, truleg i dagens Polen, som var tilhaldsstad for jomsvikingane.

Faktaboks

Uttale

jˈomsbårg

Etymologi

norrønt Jómsborg

Også kjend som

Jomsburg (tysk)

Ifølgje Snorre låg borga i Vendland ved Austersjøen. Ein leiande teori plasserer borga på øya Wolin i munningen av elva Oder i det seinare Polen. Her var det slavisk busetjing i merovingartida. Staden var viktig som kjøpstad på 900- og 1000-talet, der vendarane frå gammalt av hadde ein marknadsplass.

Ifølgje Fagrskinna vart jomsborg grunnlagd av Harald Blåtann rundt 960. Det er truleg at vikingane hadde interesse av eit tilhald ved Oder-munninga grunna den strategiske tilgangen via Donau til Svartehavet og Miklagard. Dei siste tiåra av 900-talet kom Wolin under polsk herredømme.

Sogene om jomsvikingene og bragdene deira er fortalde i Heimskringla, Gesta Danorum, Flatøyaboka og særleg i Jómsvíkinga saga, som vart skriven på Island rundt 1200, og som har mange mytiske delar. Mellom anna skal jomsvikingane ha støtta danekongen i eit angrep på ladejarlane i slaget ved Hjørungavåg kring 986. Det har likevel ikkje vore mogleg å påvise at jomsvikingane har eksistert utanom sogene.

Jomsvikingane kan også ha tent mykje som leigesoldatar, og Jomsborg kan ha vore eit tilhald for sjørøvarverksemd, særleg etter at den polske krona mista makta over Wolin på byrjinga av 1000-talet. Magnus den gode skal ha brent ned Jomsborg i 1043, ifølgje Heimskringla – truleg fordi sjørøvarreiret utgjorde eit trugsmål mot austersjøhandelen. Borga er også sett i samband med den mytiske kjøpstaden Vineta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg