Johannes Kleppevik

Faktaboks

Johannes Kleppevik
Født
10. oktober 1947, Sund på Sotra, Vestland
Død
3. februar 2001, Sandviken i Bergen, Vestland

Artikkelstart

Johannes Kleppevik var musikar og låtskrivar. Han arbeidde heile livet for å ta vare på og auke statusen til den vestlandske kystkulturen.

Bakgrunn

Johannes Kleppevik var fødd i SundSotra. Alt som tenåring spela han til dans på tilskipingar på Sotra, og då han som syttenåring byrja på folkehøgskule, utvikla han seg mykje som låtskrivar. Etter kvart vart han bassist og låtskrivar for Clive Scott & The Skywegians, og på plata deira, End of October (1971), hadde Kleppevik komponert elleve av dei tolv songane. Ein av dei, «I’ll Be Waiting for You My Love», kom året etter på ein sjuandeplass i den europeiske radiomusikktevlinga Europatoppen.

Musikkarriere

Opp gjennom åra skreiv Kleppevik mange songar, både på engelsk, bokmål og nynorsk, for andre artistar, til dømes rockegruppa Saft, visesongaren Anne-May Skagmo og countrysongaren Teddy Nelson. Men han gjekk samstundes med eit ønske om å skape eit eige musikalsk uttrykk med tekstleg og musikalsk rot i strilekulturen – kystkulturen frå omlandet kring Bergen. Gjennom mange år bygde han opp ei samling av sjølvskrivne songar på nynorsk og dialekt, og i 1977 tok han dei med i studio saman med produsent Trygve Thue. Resultatet vart plata Tramp og trall, ei blanding av countrymusikk og norsk folkemusikk. Tramp og trall vart ein suksess, gjekk inn på VG-lista og etablerte Kleppevik som ein nasjonal, riksdekkjande artist. Plata fekk dessutan ein oppfølgjar i form av Tramp og trall II (1980).

Problem med restskatt og alkohol gjorde at Kleppevik i 1980 braut tvert av og drog til sjøs. I seks år var han sjømann, og det var til sjøs at han skreiv songane til det som vart til plata North Atlantic Ocean (1984). Denne gongen handla tekstane mykje om livet til sjøs, medan det musikalske uttrykket var ei tidsrett form for country-rock. Fleire av songane på plata, mellom anna «No kjem ein vals» og «Tar du med ei helsing», vart allemannseige, og plata vart nominert til Spellemannprisen. Både «Tar du med ei helsing» og «Eg vil drøyma» vart store Norsktoppen-hits.

Kystkultur

Engasjementet Kleppevik hadde for kystkulturen, kom ikkje berre til uttrykk på musikalsk vis. I 1977 var han med på å organisere Torgdagen, ei tilskiping som vart ein fast sommartradisjon i Bergen. Kleppevik har, både som organisator og utøvar, mykje av æra for at strilekulturen vart ein så viktig del av Torgdagen. Kystkulturengasjementet hans kom òg til syne i innsatsen hans for å berge Hurtigruta, og for det arbeidet fekk Kleppevik Hurtigruteprisen i 1990.

Etter mange års pause som plateartist kom Kleppevik i 1997 med plata Langs kysten. Han toppa Norsktoppen i 1996 med «Du er der, eg er her». I 1999 gav han ut Motorbåt og ein laurdagsdans, og han var i gang med endå eit plateprosjekt då han i februar 2001, etter ei tids sjukdom, døydde heime på hybelen sin i Bergen. Kleppevik var då berre 53 år gamal.

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond vart oppretta i 2002 av Sparebanken Vest med føremål om å fremje kystkulturen i Hordaland. Stiftinga deler kvart år ut ein pris til lag eller personar som fremjar kystkulturen i Hordaland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg