Jo Visdal

Faktaboks

Jo Visdal
Født
2. november 1861, Vågå, Oppland
Død
26. desember 1923, Asker, Akershus

Jo Visdal: Maleren Edvard Munch

Av /Nasjonalmuseet.
Jo Visdals skulptur av Carsten Anker ved Eidsvollsbygninga på Eidsvoll.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Artikkelstart

Jo Visdal var ein bilethoggar og medlem av Askerkretsen som foreviga nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane Noreg har fostra.

Jo Visdal kom til Kristiania i 1880. Der gjekk han i lære hos ein møbelsnikkar, før han utdanna seg ved Den kongelige tegneskole i åra 1883 til 1887 under Julius Middelthun og frå 1889 til 1890 under Oscar Wergeland.

Visdal fekk Finnes legat i 1886 og Houens fond i 1888 og 1890. På studieopphald i Paris i 1888 og seinare fekk han undervisning av mellom andre Léon Bonnat og Pierre Puvis de Chavannes. Visdal debuterte på Haustutstillinga i Kristiania i 1883. Den første separatstillinga heldt han i Christiania Kunstforening i 1894. Han vart representert ved fleire utstillingar i inn- og utland, mellom dei verdsutstillingane i Paris i 1889 og Chicago i 1893.

Portrettbystene av Edvard Munch i bronse (1886) og Knud Knudsen, både i marmor og bronse (1889) var høgdepunkt tidleg i karrieren. Elles laga Visdal mange forfattarportrett i naturalistisk stil, mellom dei portrett av Bjørnstjerne Bjørnson (1890) og Henrik Ibsen (1903). Året etter portretterte han Arne Garborg. Denne bysten i gips er noko meir eksperimentell i forma.

Fleire prestisjefylte oppgåver følgde. Nokre døme er altertavla med korsfestingsmotiv til Fagerborg kyrkje i Oslo (1904), relieff av kong Haakon 7. til den første myntrekkja i det nye Noreg (1907), gravrelieff av Jonas og Thomasine Lie (1909) og Erika Nissen (1910), og medalje til Universitetet i Oslo sitt 100-årsjubileum i 1911, etter teikning av Domenico Erdmann. Eit av dei siste arbeida er bronsebysten av Ole Fladager (1921) til Ivarshaugen i Ulnes i Nord-Aurdal.

Visdal sat i Asker kommunestyre for Venstre frå 1916. Han var Asker kommune sin første bibliotekar og den første filmbestyraren i bygda, frå 1922. Året etter kjøpte han tomt på Hvalstad for å bu nærmare dei mange venene i Kunstnardalen, men han døydde før draumen vart realisert. Han hadde elles også skaffa seg hus i Vågå seint i livet.

Visdal var mellom anna styremedlem i Bildende Kunstneres Styre frå 1895 til 1923, og han var medlem av innkjøpskomiteen i Nasjonalgalleriet i 1914. Visdal er innkjøpt av ulike museum, mellom dei Nasjonalgalleriet og Bergen Billedgalleri. Jutulheimen i Vågå fekk 25 arbeid etter han. Fleire skulpturar finst i offentlege bygg over heile landet. Carsten Anker-monumentet på Eidsvoll, reist i 1914, er det mest storslåtte verket.

Visdal vart kommandør av Kunstnerforeningens Purpurnese-orden i 1912. Det vart arrangert ei minneutstilling hos Blomqvist i 1936 og i Nordherad i Vågå i 2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Durban-Hansen (1941). Jo Visdal : Bondegutten fra Vågå som blev billedhugger, Kunst og Kultur
  • Francis Bull: Norske portretter. Forfattere. Oslo 1956
  • Arne Durban-Hansen: «Jo Visdal. Bondegutten fra Vågå som blev billedhugger», Kunst og Kultur 1941
  • Hulda Garborg: Dagbok 1903–14. Oslo 1962
  • Øystein Hovdkinn: «Jo Visdal. Bilethoggaren frå Vågå», i Arvid Ødegaard (red.): Årbok for Gudbrandsdalen 1994. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006
  • Karl Nilsen: Blant kunstnere i det gamle Asker. Asker og Bærum historielag 1979
  • Sigrid Rømcke Thue og Oscar Thue: «Visdal, Jo (John)», Norsk kunstnerleksikon. Oslo 1986. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006
  • Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Nordheradsprosjektet 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg