Jørgen Gravvold

Faktaboks

Jørgen Gravvold
Jørgen Alfred Gravvold
Født
16. september 1930, Bøverdalen i Surnadal, Møre og Romsdal
Død
9. mars 2005, Surnadal, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Jørgen Gravvold var poet, visediktar og revyforfattarNordmøre. Mange av tekstane hans har fått eit nasjonalt publikum gjennom samarbeidet med komponisten Henning Sommerro.

Bakgrunn

Jørgen Alfred Gravvold var fødd i Bøverdalen i noverande Surnadal kommune. Han sleit med helsa heile livet, etter å ha fått engelsk sjuke som spedbarn.

Forfattarskapen

Gravvold laga sjølv melodi til mange av dikta og visetekstane sine. Han samarbeidde òg med mange andre trubadurar og komponistarNordmøre, mellom andre Eva Peggy Stensønes, Trygve Brøske, Kolbjørn Botten og Henning Sommerro.

Songar som «Leirfivellandet» (musikk: T. Brøske) og «Bøverdalsrock» (musikk: H. Sommerro) viser både spennet og musikaliteten i forfattarskapen til Gravvold. Desse eigenskapane nytta han i samarbeidet med fleire kor og grupper. Han song sjølv i tre kor, og han spela gitar både til husbruk og til dans.

Gravvold veksla mellom nynorsk og dialekt, og mellom skjemt og alvor. I tillegg til ein rik produksjon av dikt, viser og revytekstar omarbeidde han Oskar Braatens Den store barnedåpen og songtekstane i Alf Prøysens Trost i taklampa til surnadalsdialekt. Prøysen gav òg gode råd om skriving, etter at Gravvold sende dikt til Søndagsposten i radioen i 1960-åra.

Gravvold skreiv mange prosatekstar og dikt i lokalavisene og er representert i fleire viseantologiar, både som forfattar og komponist. Han fekk tildelt Kleivaprisen, Surnadal kommunes kulturpris, i 2001. Same året vart han hylla med Jørgen-kabareten av Svarrabærje Teaterlag. Seinare er Bøverdalspelet sett opp til minne om Gravvold.

Gravvold var ein smålåten mann og drog på det når det vart spørsmål om å gi ut dikt og viser i bokform. I 2006, året etter at han døydde, gav Surnadal Heimbygdlag ut samlinga Ville blomstra.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jørgen Gravvold: Ville blomstra. Viser og dikt. Surnadal Heimbygdlag 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg