Bøverdalen

Artikkelstart

Bøverdalen er eit dalføre i Lom kommune, Innlandet. Dalen dannar grensa mellom det eigentlege Jotunheimen og Breheimen. Gjennom dalen renn elva Bøvre, som har sine kjelder i vestre delen av Smørstabbrean og fell i Ottaelva nær Fossbergom. Gjennom Bøverdalen går Fv. 55 over Sognefjellet til Sogn.

Faktaboks

Uttale
lokalt bøverd'alen
Etymologi

dalen har navn etter elva Bøvre, norrønt Bifra, visstnok avledet av norrønt 'bever'

Turistområdet Bøverdalen omfattar også sidedalane Visdalen og Leirdalen. Langs Sognefjellsvegen ligg det fleire turisthytter (Bøvertun, Krossbu, Jotunheimen fjellstue m.fl.) og Elveseter turisthotell. Nær vegens høgaste punkt ligg Sognefjell turisthytte (1440 moh.). Sidevegar fører til Høydalsseter ved Høydalsvatnet, til Leirvassbu gjennom Leirdalen, og gjennom Visdalen til Spiterstulen. Frå Galdesand tar privat veg av via Raudbergstulen til Juvasshytta, 1841 moh. Dette er landets høgastliggande bilveg med høgaste punkt ca. 1855 moh.

Elveseter turisthotell med «Sagasøyla» (Eidsvollsmonumentet) og den gamle skyss-stasjonen Røisheim med sine freda bygningar frå 1700-talet er sjåverdige. Garden Sulheim har fleire freda bygningar. Bøverdal kyrkje frå 1864 har utskore inventar. Nedst i Bøverdalen ligg dei kjente gardane Aukrust og Andvord.

Kart

Bøverdalen
Av /Statens kartverk.

Kommentarer (2)

skrev Arne Vetlli’n

Navnet. Dalen har navn etter elven Bøvra, norrønt Bifra, visstnok avledet av norrønt 'bever'.Meg bekjent, er Bøverdalen navngitt etter elven Bøvra, son det står, men har intet med bever å gjøre. Bifre betyr på norrønt å skjelve, og det er dennes elvs oppførsel med stener og fossestryk i elveleiet som virker til at den skjelver. Derav navnet.

svarte Redaksjonen for geografi 2005-2007

Takk for innspillet. Vi må se litt nærmere på dette. Jeg kikket i Norsk Stadnamnleksikon fra Samlaget (1997). Der står det referert til bever. Som litteratur der er oppgitt "Ekre 1960 s. 92-94 (med fleire tilvisingar)." Har du noen andre kilder?

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg