Faktaboks

Ingebjørg Valen

Ingebjørg Torsdotter Vaa (jentenamn)

Fødd
7. mai 1893, Kviteseid, Telemark
Død
16. september 1981, Bø, Telemark

Ingebjørg Valen var ein norsk barnebokforfattar og gardbrukar fra Bø i Telemark. Ho gav ut to barnebøker.

Bakgrunn

Ingebjørg Valen (fødd Vaa) var søster til forfattaren Aslaug Vaa og kunstnaren Dyre Vaa.

I 1912 tok ho examen artium ved Aars og Voss’ skole i Oslo. Frå 1914 til 1918 studerte ho medisin, med eit par avbrot på grunn av sjukdom. I 1919 gifta ho seg med politikaren Neri Valen og flytta til farsgarden hans, Valen i .

Ho sat i to periodar i Bø heradsstyre. I 1945–46 sat ho i styret for Telemark fylkesmuseum.

Forfattarskap

I 1936 debuterte ho med Turi og venene hennar, som handlar om åtte år gamle Turi og hennes opplevingar på garden og i naturen. Tjue år seinare kom Tvillingane i sundet (1956). Boka skildrar oppvekst på gard i ei tid som tilsvarar forfattarens eigen barndom. Begge bøkene kan lesast som gode tidsbilete.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Henneseid, S. (1986): Bø-soga II. Telemark. Gards- og ættesoga, bd. IV
  • Jansen, J., red. (1937): Studentene fra 1912. Oslo: Bokkomiteen for studentene fra 1912

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg