Inge Bremnes

Faktaboks

Inge Bremnes
Født
12. oktober 1991, Kvæfjord, Troms og Finnmark
Inge Bremnes.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Inge Bremnes er ein norsk artist og låtskrivar frå Kvæfjord. Bremnes lagar gitarbasert populærmusikk med innslag av indie, soul og elektronika. Tekstane er på nordnorsk.

Musikkmeldarane har rost Bremnes for korleis han nyttar kontrasten mellom det stillferdige og det kraftfulle. Både i tekst, melodi og formidling er Bremnes i slektskap med artisten Moddi og rockebandet Kråkesølv, som òg er frå Nord-Noreg.

Bakgrunn

Inge Bremnes er fødd i Kvæfjord. Han er son til artisten Ola Bremnes og bror til artisten Kaja Bremnes, og nevø av Kari Bremnes. Frå 2008 til 2011 gjekk han musikklinja ved Heggen videregående skole i Harstad. Frå 2013 til 2015 var han student ved Liverpool Institute for Performing Arts.

Musikkarrieren

Bremnes debuterte med låta «Sne» i 2014. Poplåtar som «Ka du håpa på» (2015) og «Ikaros» (2016) blei mykje spelt på norske radiokanalar. Den sistnemnde låta er også med på debutalbumet Mellomspill (2017), som kom i 2017. I 2018 gav Bremnes ut singlane Himmelblå og La det vær og albumet Har det no å si, som òg vart mykje spela i radio. Bremnes kom med albumet Vanedyr/Skadedyr i 2021.

Låtane på Mellomspill handlar om overgangane i livet vårt, som kan vere både fine og triste. Tekstuniverset til Bremnes krinsar rundt konkrete handlingar om folk ein møter på trikken, eller dei skildrar ei kjensle. Melodiane har mykje klang og harmoni og kan kallast atmosfærisk populærmusikk.

Diskografi

  • Sne (Singel, 2014)
  • = (Singel, 2015)
  • Ka Du Håpa på (Singel, 2015)
  • Kanskje Det E For Mye (Singel, 2016)
  • Ikaros (Singel, 2016)
  • Mellomspill (Album, 2017)
  • Videre nu (Singel, 2017)
  • Naiv (Singel, 2017)
  • Ingen Som Veit (Singel, 2017)
  • Har det no å si (Album, 2020)
  • Himmelblå (Singel, 2018)
  • La det vær (Singel, 2018)
  • Tunnelsyn (Singel, 2018)
  • Meire vi (Singel, 2019)
  • Torshov (Singel, 2020)
  • Planen (Singel, 2020)
  • VÅR (Singel, 2020)
  • Sjansespill (Singel, 2020)
  • Snøfnugg (Singel, 2020)
  • Vanedyr/Skadedyr (Album, 2021)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg