Hroar er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Hró-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘spyd’. Etterleddet -arr i norrønt går her tilbake til -geirr (med tydinga ‘spyd’).

Blant dei 10 000 mest vanlege namna i Noreg er Hroar det einaste som byrjar med Hr-.

Namnet har fleire variantar: Hroar, Rhoar, Roar.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 190 menn (fødde i Noreg) som hadde Hroar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg