Rhoar er eit mannsnamn. Det er ein variant av Roar som kjem av det norrøne Hró-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘spyd’. Etterleddet -arr i norrønt går her tilbake til -geirr (med tydinga ‘spyd’).

Namnet har fleire variantar: Hroar, Rhoar, Roar.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Rhoar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg