Avishode Hordalands avis
Avishode Hordalands avis
Norsk presses historie.
Bonde og journalist Thor Myklebust.

Dei var unge og gåverike, men det var ikkje mykje til start i yrkeslivet for dei som kjende kallet til å bli journalistar i Sunnhordland. Om dei var lova ei skral løn, så var det ikkje alltid det var kroner i kassa. Men vegane falle så vide, Herbrand Lavik markerte seg som mørkeblå redaktørbåde i Søndhordlands Tidende og Hordalands Avis før han blei både diktar og teatermeldar i Bergens Tidende, teaterslaktar var meir presist. Thor Myklebust (biletet) var både bonde og journalist heime før han kom til Bergens Tidende og seinare var stortingsmann i to periodar. Og avislegenden Anton Beinset var innom så mangt, i Sunnhordland vardet Hordalands Folkeblad og avisa Sunnhordaland, før han spann mytar om seg som politisk journalist i Dagbladet, det var helst statsrådar han slakta då han havna i Akersgaten!

Bonde og journalist Thor Myklebust.
Norsk presses historie.

Hordalands avis var ein Høgre-avis på Stord, som kom ut mellom 1931 og 1940. Avisa hadde aldri nokon sjanse mot den meir radikale konkurrenten Sunnhordland, og den tyske okkupasjonen sette kroken på døra for avisa.

Historie

Rota til Hordalans Avis låg i Vestlandske Folkeblad frå 1906, med Torgils Bu som redaktør. Namnet blei bytta til Søndhordlands Tidende i 1919, men med den same redaktøren, og vart gitt ut to gonger i veka i stort, seksspalta format.

Først i 1931 blei namnet Hordalands Avis, med Herbrand Lavik som redaktør. Det var ei gruppe høgrefolk i Sunnhordland som kjøpte bladet i 1931, og dei tenkte seg at bladet skulle bli fylkesavis, slik namnet tydde på. Avisa vart med dette eit trufast Høgre-organ, i krass kontrast til Jens Hystad og Sunnhordland, som dei rekna som radikalt Venstre-blad. Hordalands Avis lét seg ikkje rive med av norskdomsbølgja i distriktet, og heldt på riksmål så lenge bladet levde.

Avisa selt

I 1935 vart bladet selt til Erik Venja, som nokså fort selde det vidare til overrettssakførar Fridthjof Johannessen på Stord. Sakføraren hadde bakgrunn som bladmann og hadde redigert bladet Hordafylket i Rosendal under første verdskrigen. Han sette sonen sin, Reidar Johannessen, til å arbeide med Hordalands Avis, medan han sjølv stod som ansvarleg redaktør.

Reidar Johannessen ville at avisa skulle ha mest nyskrive lokalstoff og mindre klipp i eit skikkeleg blad. Hordalands Avis tinga ikkje eingong stoff frå NTB, slik Sunnhordland gjorde, og utanriksstoffet kom i ei kommentarspalte som viste verda frå redaktøren sitt eige perspektiv. Den tyske okkupasjonen sette ein stoppar for avisa i 1940.

Fakta

  • Vestlandske Folkeblad: fyrste nr. 5.7.1906. Siste nr. 28.3.1919.
  • Skifta namn til Søndhordalands Tidende 16.5.1919. Siste nr. 22.4.1931.
  • Skifta namn til Hordalands Avis 9.5.1931. Siste nr. 9.4.1940.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg