Hedley, som særleg har vore brukt i Troms, er eit engelsk mannsnamn som via slektsnamnet Hedley går tilbake til eit toledda stadnamn i gammalengelsk: hæz-leah. Forleddet tyder ‘røsslyng’ og etterleddet ‘lysning i skog’. Forleddet er relatert til det engelske ordet heather som tyder ‘røsslyng’ (jamfør også det engelske kvinnenamnet Heather med denne tydinga).

Namnet har fleire variantar: Hedley, Hedly, Hedløy.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Hedley som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg