Ona (øygruppe)

Fra havna. I bakgrunnen Onakalven
Ona havna

Artikkelstart

Ona er ei øygruppe lengst nord i Ålesund kommune (tidlegare i Sandøy kommune) i Møre og Romsdal som består av dei to øyene Ona (med Onakalven) og Husøya.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt ón, 'von, håp'.

Øyene ligg ytst mot havgapet på Romsdalskysten, i alt 0,8 kvadratkilometer med 18 innbyggjarar (2018), mot 56 personar i 2000. Det aller meste av befolkninga bur aust på øya. Like vest for den tette busetnaden på Ona ligg Ona fyr.

Det er vegsamband mellom Husøya, Ona og Onakalven, og det er bilferjesamband frå Ona sørover til dei øvrige øyene i Sandøy og til Småge i Aukra kommune.

Kart

Ona
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg