Hallstein

Artikkelstart

Hallstein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hall-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘stein’.

I Hallstein har altså forleddet og etterleddet same tyding. Slike namn med lik tyding i forleddet og etterleddet viser at tydinga har spelt ei underordna rolle ved namngivinga. Det var viktigare å gi eit klangfullt namn til barna, gjerne ved oppkalling etter slektningar med dei same ledda i namnet.

Namnet har fleire variantar: Halsten, Hallstein, Halstein.

Namnedag er 7. desember. Hallfrid og Hallgeir har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hallstein

Kulturell bruk

  • Hallstein Bronskimlet er ein figur i ei av Kjell Aukrusts bøker (1997).

Kjende personar med namnet Hallstein

Eit utval personar med namnet Hallstein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 420 menn (fødde i Noreg) som hadde Hallstein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg