Faktaboks

Hallstein Høgåsen

Tormod Hallstein Høgåsen

Fødd
21. august 1937

Hallstein Høgåsen er ein norsk fysikar som særleg har drive forskning på teoriar og modellar for strukturen til elementærpartiklane og kreftene som verkar mellom dei. Han har arbeidd mykje med sterk vekselverknad mellom kvarkar. Spesielt har han arbeidd med multikvarksystem, det vil seia system som inneheld fleire kvarkar og antikvarkar enn vanlege baryon og meson. Han har også gjort eksperimentelle undersøkingar med mössbauereffekt og sonoluminescens.

Høgåsen tok doktorgraden i 1964. Han har vore forskar ved blant anna universitetet i Paris, ved CERN og ved State University of New York. Han vart dosent ved Universitetet i Oslo i 1969 og professor same stad i 1984.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg