Guro er eit kvinnenamn som er yngre form av Gudrun.

Namnet har fleire variantar: Goro, Guro, Guru, Gurå, Gyro.

Namnedag er 24. november. Gudrun har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Guro

Kulturell bruk

  • Anne-Cath. Vestlys sju barnebøker om Guro (1975–1981), også som serie i radio og TV.

Kjende personar med namnet Guro

Eit utval personar med namnet Guro, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 171 kvinner i Noreg som hadde Guro som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 jenter som fekk namnet Guro.

Utvikling i bruk av namnet

Variantar som er utvikla etter norrøn tid, som Guro av Guðrún, har ofte fått ein gradvis tilbakegang utover på 1800-talet. Andre namn med liknande tilbakegang er Guri av Guðríðr, Rønnaug av Rannveig og Siri av Sigríðr. Frå 1970-åra fekk Guro vind i segla, noko som truleg kjem av dei populære barnebøkene om Guro (1975–1981), skrivne av Anne-Cath Vestly.

Utvikling i bruk av namnet Guro frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Guro frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guro på 1800-talet.

Guro var mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guro på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Guro var mest brukt i Hordaland.

Historisk bruk av namnet Guro
Historisk bruk av namnet Guro
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg