Gunstein Bakke

Faktaboks

Gunstein Bakke
Født
30. mars 1968, Arendal, Agder
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Gunstein Bakke er forfattar, diktar og omsetjar. Bakke sin forfattarskap er underfundig og underhaldande, intelligent og avansert.

Bakgrunn

Gunstein Bakke er fødd i Arendal. Han var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1994–1995 og tok cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1995, med mellomfag i litteraturvitskap og fransk, og grunnfag i idéhistorie. Han har arbeidd som journalist ved Norsk Telegrambyrå i 1998–2002, er litterær konsulent for Gyldendal, Samlaget og Aschehoug, og medlem av den norske komiteen til Nordisk råds litteraturpris.

Forfattarskapen

Forfattaren skil seg ut med nyskapande bilete og tankefigurar, original, moderne og grenselaus bruk av språk og sjanger, og utstrekt bruk av poetiske verkemiddel. Han bryt med vanar både i språk og tema, og lagar ordkunst i rike, gåtefulle og sterke tekstar.

Bakke debuterte i 2000 med bokmålsromanen Kontoret. Gjennom hovudpersonen sine assosiasjonar og tankerekkjer stig det fram eit menneskesinn i ubalanse. Romanen Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011) er skriven på nynorsk. I botnen av handlinga ligg ei dødsulukke frå fleire tiår tilbake, der omstenda framleis er uklare. Forfattaren skriv tidvis essayistisk og skildrar i detalj, med heilt nye perspektiv, kva rolle biltrafikken spelar i kvart menneskeliv. Skildringane av tid og samanhengar er inderlege og fabulerande.

Murskueteknikkane (2012) er Bakke si første diktsamling og er skriven på nynorsk. Dikta har utgangspunkt i eit tidlegare sanatorium og ein dement, døyande far. Tekstane leitar fram dei små rørslene i det store biletet og fortel om det vanskelege på ein vakker måte. Romanen Havende (2016) er skriven på bokmål og fortel tre historier om ulike menneskelagnader som på underleg vis heng saman. I vekslinga mellom Moskva i 1860, Groruddalen i 1979 og Mexico i 2013 vert tid, fødsel og død tematisert i eksistensielle refleksjonar.

Bakke har i tillegg til eigen produksjon omsett og gjendikta ei rekkje romanar, drama og diktsamlingar av utanlandske forfattarar.

Utmerkingar

For Maud og Aud fekk Bakke European Union Prize for Literature i 2012, Melsom-prisen i 2012 og vart nominert til mellom anna Brageprisen. For Havende vart han nominert til Kritikarprisen, P2-lyttarane sin romanpris og Sørlandets litteraturpris.

Bibliografi

  • Austalgi (Roman, Oktober, 2021)
  • Håndbok (Lyrikk, Oktober, 2018)
  • Havende (Roman, Oktober, 2016)
  • Murskueteknikkane (Lyrikk, Oktober, 2012)
  • Bok av tre (Kortprosa, House of Foundation, 2012)
  • CD Wright: Skake (Gjendiktning) (Lyrikk, Samlaget, 2012)
  • Maud og Aud : Ein roman om trafikk (Roman, Oktober, 2011)
  • Respons 22/7 (medredaktør) (2011)
  • Mahmoud Darwish: Det er en sang, det er en sang (Gjendiktning, Gyldendal, 2009)
  • Willy Kyrklund: Meisteren Ma / Polyfem forvandla, (Gjendiktning) (2009)
  • Juliana Spahr: Alle med lunger kopla saman (Gjendiktning) (Lyrikk, Gyldendal, 2008)
  • Den indre olding (Roman, Gyldendal, 2005)
  • Kontoret (Roman, Gyldendal, 2000)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg