Gunnborg er eit kvinnenamn der forleddet tyder ‘strid’ og etterleddet ‘berging, von’.

Gunnborg kan karakteriserast som eit parallellnamn på -borg til Gunnbjørg. Etterleddet -borg vart innlånt på 1300-talet (frå dansk og svensk), og i nokre namn med same forledd står -borg og -bjørg som etterledd, til dømes Ingeborg og Ingebjørg.

Namnet har fleire variantar: Gunborg, Gundborg, Gunnborg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gunnborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gunnborg på 1800-talet.

Gunnborg var mest brukt i Østfold og Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gunnborg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gunnborg var mest brukt i Østfold og Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gunborg.)

Historisk bruk av namnet Gunnborg
Historisk bruk av namnet Gunnborg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg