Artikkelstart
Georg Herman Grieg var ein norsk omsetjar, bokprentar og musikar. Han vart rekna som ein av dei beste språkfolka i Vestmannalaget.
Georg Herman Grieg var ein norsk omsetjar, bokprentar og musikar. Han vart rekna som ein av dei beste språkfolka i Vestmannalaget.
Georg Herman Grieg var fødd i Bergen i dagens Vestland. I ungdomen studerte han handelslære, seinare musikk i Tyskland. Sjølv om han var ein begava musikar, likte han ikkje å gjere konsertar og opptre offentleg. Då han kom tilbake til Bergen på 1850-talet byrja han i staden å undervise i musikk. Han spela også nokre sesongar klaver i musikkselskapet Harmonien i 1860-åra.
Grieg kom tidleg med i krinsen av målmenn i Bergen og var aktiv i laget som vart kalla Namnlaus, ein føregjengar for Vestmannalaget. Då Henrik Krohn starta bladet Ferdamannen i 1865, var det Grieg som hjelpte han med korrekturen. I 1868 var Grieg med og skipa Vestmannalaget, der han vart rekna som ein av dei aller beste språkmennene. Han rettleidde andre vestmenn i praktisk språkbruk og las ei tid korrektur på det meste av det som kom ut på landsmål i Bergen. Johannes Lavik hevdar at dei av vestmennene som nådde djupast målkunne, var Georg Grieg og Edvard G. Johannessen. Torleiv Hannaas omtalar han som ein av dei beste målkjennarar landet har hatt.
Gjennom mange år hadde han òg samla ei rekkje nynorske ord. Planen var å gi ut eit nynorsk språkleksikon. Då han fekk høyre at nynorskforkjemparen og omsetjaren Steinar Schøtt skulle gi ut eit liknande verk, brann han sine eigne dokument.
Georg Herman Grieg omsette ein versjon av Martin Luthers vesle katekisme til nynorsk. Utgåva kom ut i 1868 og vart trykt/gitt ut på Beyer forlag i Bergen.
Grieg omsette fleire bøker til landsmål, som regel anonymt: Martin Luthers litle katekisma (1868), John Bunyans Pilgrimsferd (1868), Evangelium etter Markus (1870), Ivo Prestemne av Bertold Auerbach (1876), Oliver Goldsmiths Presten til Wakefield (1892) og Soga um Gisle Sursson (1905). Han omsette òg delar av Synnøve Solbakken, men av ukjende grunnar vart omsetjinga ikkje fullført. I samband med omsetjingane søkte han råd hos Ivar Aasen.
Grieg var ikkje faglærd bokprentar, men dei litterære interessene gjorde at han i 1871 kjøpte eit trykkjeri, det eldste i Bergen og det nest eldste i landet, skipa i 1721 av Peter Povelsen Nørvig. Han overlét det i 1882 til brorsonen John Grieg, som utvikla det vidare. I dag er trykkjeriet det eldste i Noreg, eigd av Fagbokforlaget.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.