Firda- og Sygnafylkets avis

Artikkelstart

Firda- og Sygnafylkets avis var ei avis skipa av landsmålsforleggjaren og bokhandlaren Mons Litleré. Avisa var i drift frå 1887 til 1893 og var eit par år den einaste landsmålsavisa i landet.

Historie

Firda- og Sygnafylkets avis vart skipa i Bergen i 1887 av eit interessentskap. Den nye avisa var meint for dei delane av Bergenhus Amt som seinare vart Sogn og Fjordane. Det var David O. Bakke og andre Venstre-folk som stod bak. Men dei mangla redaktør, og dei bad Mons Litleré frå Naustdal i Sunnfjord om å kome til Bergen og overta. Det gjorde han, og han vart både utgivar, eigar og redaktør. Litleré hadde fordelar av å drive vekselbruk mellom avis- og bokutgiving og bokhandel, ved at han både kunne avertere bøker i avisa si og trykkje bokmeldingar.

I 1890 vart det lange avisnamnet forkorta til berre Firda, og Litleré gjorde avisa til landsmålsavis. Ein periode hadde han hjelp av avismannen Rasmus Steinsvik. Avisa gjekk då over frå éi til to utgivingar i veka.

Avisa sokna til det reine Venstre og vart lesen av radikale intellektuelle langt utanfor Bergen, medan andre oppfatta avisa som ukristeleg.

Etter at Fedraheimen gjekk inn i 1891, var Firda den einaste avisa i landet på landsmål. Men Litleré hadde for lite tid til å arbeide med avisa og var avhengig av innsende artiklar, mange av dei på dansk-norsk. Avisa gjekk inn i 1893.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Stegane, I. (1987): Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjonen. Oslo: Samlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg