Evelyn er i Noreg eit kvinnenamn som er ei yngre engelsk form av Eveline som lenger bak har opphav i eldre germansk Avelina, ei kjæleform av Ava med usikker tyding.

Namnet har fleire variantar: Evelin, Evelinn, Evelyn, Evlyn.

Namnedag er 3. oktober. Evald har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Evelyn

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Bodil Evelyn Homan fødd 1864 i Kristiania.

Kjende personar med namnet Evelyn

Eit utval personar med namnet Evelyn, og som er omtalte i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 957 kvinner i Noreg som hadde Evelyn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 34 jenter som fekk namnet Evelyn.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste engelske kvinnenamna (inklusive namna på -y) var mest populære i perioden 1915–1929, til dømes Edith, Anny, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy. Dette gjeld også Evelyn som var mest brukt 1920–1924.

Utvikling i bruk av namnet Evelyn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Evelyn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg