Faktaboks

Europabevegelsen i Noreg
Offisielt namn
EUROPABEVEGELSEN I NORGE
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
30.05.1949
Dagleg leiar
Jørn Fredrik Mellem
Styreleiar
Heidi Lunde

Europabevegelsen er ein politisk organisasjon som arbeider for eit samla Europa og norsk medlemskap i EU. Organisasjonen var sentral på ja-sida før folkeavstemmingane i 1972 og 1994.

Europabevegelsen i Noreg er ein del av den europeiske samanslutninga European Movement International.

Ungdomsorganisasjonen til Europabevegelsen er Europeisk Ungdom.

Historikk

Europabevegelsen vart skipa i 1949, året etter at den «europeiske» Europarørsla vart skipa. Den første leiaren (1949–1956) var stortingsrepresentant og redaktør Herman Smitt Ingebretsen (Høgre). Frå 1965 tok dei namnet Europabevegelsen i Norge.

Europabevegelsen var aktiv både i tida før folkeavstemminga om EF-medlemskap i 1972 og før avstemminga om EU-medlemskap i 1994. I 1994 hadde organisasjonen om lag 35 000 medlemer, drygt 100 000 færre enn hovudmotstandaren Nei til EU. Etter folkeavstemminga fall medlemstalet mykje. I 2023 oppgir nettsidene deira at dei har 17 lokal- eller regionlag og totalt om lag 4 000 medlemer.

Før folkeavstemminga i 1994 var medlemer også aktive i eller samarbeidde med meir kampanjeretta organisasjonar og aksjonar, til dømes Fra nei til ja (for dei som hadde skifta standpunkt sidan 1972) og seinare også med Kysten inn i EU og Radikalt Europa (begge skipa i 2004).

Syn på EU og EØS

Europabevegelsen er ein tverrpolitisk organisasjon. Blant leiarane og generalsekretærane finn vi ei rad kjende politikarar, særleg frå Arbeidarpartiet og Høgre. Ifølgje det gjeldande programmet er Europabevegelsen uroleg over det dei omtaler som nasjonalisme, separatisme og skepsis til etablerte parti og politikarar, både i Noreg og i EU-landa. Vidare meiner dei at utfordringar knytte til miljø og migrasjon tvingar fram at statar må vera villige til å gi frå seg meir av retten til å fastsetje eigen politikk. Det vert ofte kalla overnasjonalt styre.

Europabevegelsen ser på EU som ei stabiliserande kraft i Europa og som ein pådrivar for regional og global utvikling. Dei ønskjer å vere garantist for EØS-avtalen og pådrivar for fullt medlemskap i EU, og dei forsvarer EØS-avtalen mot Nei til EU og andre EU-motstandarar. Likevel meiner dei at denne avtalen ikkje gir påverknadskraft overfor EU og føretrekkjer fullt EU-medlemskap framfor EØS-tilknyting.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anders Todal Jenssen ofl.: Medlemsundersøkelsen. Holdninger og sosial bakgrunn blant medlemmer i Nei til EU, Europarørsla og Sosialdemokrater mot EU. Dokumentasjon. Trondheim 1994
  • Europarørsla i Norge: Med hjerte for Europa: Europarørsla gjennom 60 år. Oslo 2009
  • Marianne Ryghaug og Anders Todal Jenssen: Den store styrkeprøven. Om EU-avstemningen i norsk politikk. Sluttrapport fra Folkeavstemningsprosjektet. Trondheim 1999

Faktaboks

Europabevegelsen i Noreg
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg