Eline – og Elina – går tilbake til det greske kvinnenamnet Helene.

Desse to formene av Helene er brukt sidan 1300-talet.

Namnet har fleire variantar: Elina, Eline.

Namnedag er 31. juli. Elin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Eline

Eit utval personar med namnet Eline, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 225 kvinner i Noreg som hadde Eline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 101 jenter som fekk namnet Eline.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a var namna på -e ein del brukte på 1800-talet, og mange av dei hadde ein topp i perioden 1830–1870, til dømes Beate, Birgitte, Elise og Susanne. Dette gjeld også Eline. Desse namna har så fått ein ny topp rundt år 2000, Eline i perioden 2010–2017.

Utvikling i bruk av namnet Eline frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Eline frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eline på 1800-talet.

Eline var mest brukt i Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eline på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Eline var mest brukt i Hedmark.

Historisk bruk av namnet Eline
Historisk bruk av namnet Eline
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg