Elin er eit kvinnenamn som er nordisk form av Helene.

Namnet har fleire variantar: Elin, Ellin.

Namnedag er 31. juli. Eline har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Elin

Kulturell bruk

  • Songen «Drømmen om Elin» har melodi (1922) av Calle Jularbo og tekst (1969) av Peter Himmelstrand. Det var særleg denne songen som gjorde namnet Elin populært i Noreg på 1970-talet.

Kjende personar med namnet Elin

Eit utval personar med namnet Elin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 502 kvinner i Noreg som hadde Elin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Elin var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 18 jenter som fekk namnet Elin.

Utvikling i bruk av namnet

Elin var eit svært populært namn i 1970-åra, og namnet låg som nummer 5 på ranglista i 1974 og 1975. Populariteten kom av den svenske songen «Drömmen om Elin» (1969) som ofte vart spelt i Ønskekonserten i 1970-åra. Svensk popkultur har gjort seg gjeldande i Noreg dei seinare åra, og populariteten for songen og namnet kan sjåast i den samanhengen. Andre døme på svensk påverknad på namngiving i Noreg er Alva, Linnea, Maj, Maja, Malin, Ronja og Ylva.

Utvikling i bruk av namnet Elin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Elin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elin på 1800-talet.

Elin var mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elin på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Elin var mest brukt i Østfold.

Historisk bruk av namnet Elin
Historisk bruk av namnet Elin
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg