Faktaboks

Elena Ferrante
Fødd
1943, Napoli
Bokomslag
Bokomslag
Samlaget.

Elena Ferrante er eit pseudonym for forfattaren som blir omtalt som den mest kjende ukjende forfattaren i Italia. Ho debuterte i 1992, men det var med dei fire bøkene i Napoli-kvartetten gitt ut mellom 2011 og 2014 at Ferrante fekk det internasjonale gjennombrotet sitt. Dei fire bøkene Mi briljante venninne, Historia om det nye namnet, Dei som flyktar og dei som blir ogHistoria om det tapte barnet har fått overstrøymande mottaking og er omsette til ei rekkje språk. Napolikvartetten har og vorte TV-serie.

Tematikk

Med Napoli som bakteppe, utforskar Ferrante den italienske historia og dei nære relasjonane. Bøkene hennar blir kjenneteikna av ein personleg og tilståande stil, og skildrar frå eit kvinneperspektiv, dei emosjonelle og fysiske konsekvensane ved å overskride og bryte gitte normer og kjønnsrollemønster. Mors- og kvinnerolla er saman med italiensk etterkrigshistorie og forholdet mellom dialekt og italiensk, gjennomgåande tema i Ferrante sin forfattarskap.

Alle romanane diskuterer kva som skjer når nokon som står ein nær, plutseleg eller sporlaust forsvinn. Romanane kan slik seiast å vere variasjonar over tema som tilknyting, tap, oppvekst og minne. Dette er og tema Ferrante skreiv vekevise spalter om i The Guardian i 2018. Spaltene er samla og gitt ut i L'invenzione occasionale i 2019.

Tidleg forfattarskap

Ferrante debuterte i 1992 med romanen Kvelande kjærleik (originaltittel: L' amore molestoI) som ho fekk Elsa Morante-prisen for same år. Boka blei først omsatt med tittelen Hjemreise i 1994 og på ny som Kvelande kjærleik i 2018.

Først i 2002, ti år etter debuten, kom Ferrante sin andre roman Svikne dagar (originaltittel: I giorni dell'abbondono, norsk utgåve 2017). Året etter gav ho ut I Frantumaglia: tankar, brev og intervju (originaltittel: La frantumaglia, norsk omsetjing 2019).

Den tredje romanen, Den dunkle dottera vart gitt ut i 2006 (origintaltittel: La figlia oscura, norsk omsetjing 2017).

Napoli-kvartetten

Det var først med dei fire bøkene i Napoli-kvartetten gitt ut mellom 2011 og 2014 at Ferrante fekk det internasjonale gjennombrotet sitt. Firebindsverket Napoli-kvartetten er historia om vennskapen mellom to kvinner gjennom femti år, men er også ei forteljing om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjekk gjennom frå 1950 og fram til i dag. Det er ei fengslande historie om to kvinner, den eine briljant og lærd, den andre lidenskapeleg og uberekneleg, som begge kjempar for å komme seg bort frå ein brutal og valdeleg oppvekst.

Historia blir fortald av Elena som får vite at Lila, venninna gjennom eit langt liv, er sporlaust forsvunnen. Elena set seg føre å fortelje historia deira. Det er ein roman om ein vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterk at inga av dei to kvinnene heilt ser seg sjølv utan den andre.

Bøkene har fått overstrøymande mottaking og er omsette til ei rekkje språk, og blei omsatt til norsk av Kristine Sørsdal frå 2015 til 2016. Ferrante vart i 2016 nominert til Strega- og Bookerprisen for fjerde bind i kvartetten.

Første bok Mi briljante venninne (originaltittel: L'amica geniale) er historia om oppveksten til Elena og Lila i ein fattig bydel i Napoli.

Andre bok Historia om det nye namnet (originaltittel: Storia del nuovo cognome) handlar om kampen til dei unge kvinnene for å realisere seg sjølve på 1960-talet i Italia, før ungdomsopprør og kvinnekamp.

Tredje bok Dei som flyktar og dei som blir (originaltittel: Storia di chi fugge e di chi resta) går føre seg på 1970-talet. Eit tiår som er prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering.

I fjerde bok Historia om det tapte barnet (originaltittel: Storia della bambina perduta) har Elena etter å ha gifta seg og flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste romanar, reist tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho elskar. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli, men vorte ein suksessrik bedriftseigar, med nær kontakt til ei verd ho alltid har prøvd å ta avstand til.

Filmatisering

Dei to første romanane L'amore molesto og I giorni dell'abbandono (2002) er filmatiserte, medan Napoli-kvartetten har vorte TV-serie (2018-).

I La vita buigarda degli adulti (2019) tek opp att Ferrante tematikken frå dei førre romanane. Til liks med kvartetten har forfattaren hausta gode kritikkar også for denne romanen.

Identiteten til Ferrante

Ferrante har sidan debutromanen halde oppe anonymiteten sin og har aldri opptredd offentleg. Dette har skapt ei rekkje spekulasjonar omkring identiteten til forfattaren. Nokre av dei få skriftlege intervjua forfattaren har gjort, ligg føre i samlinga Frantumaglia (2003). Her lèt Ferrante det bli kjent at ho er mor, er vakse opp i Napoli, har budd lengre periodar utanlands, har ei klassisk utdanning, underviser og omset i tillegg til å skrive. Ein går på bakgrunn av dette ut frå at forfattaren er kvinne. Ferrante sjølv påpeikar at bøker når dei først er skrivne, ikkje har behov for forfattarane sine.

Kven som skjuler seg bak pseudonymet har vore gjenstand for mykje spekulasjon, spesielt i Italia. Ved å forfølgje forlaget Europa edition sine utbetalingar til forfattarane og medarbeidarane sine, meiner den italienske gravejournalisten Claudio Gatti å kunne bevise at det er omsetjaren Anita Raja som skjuler seg bak namnet Elena Ferrante. Forlaget har verken stadfesta eller avkrefta dette, og ber om at Ferrante sitt ønske om å halde identiteten sin skjult, blir respektert.

Omsetjing

Fleire av Ferrante sine romanar har hatt kommersiell suksess i Italia og i engelskspråklege land. Bøkene er omsette til over 40 språk. Den ukjende identiteten til forfattaren har ikkje berre sett den omsette litteraturen på kartet, men har gitt positiv merksemd til omsetjarane av Ferrante sine verk. I 2016 fekk Kristin Sørsdal Målprisen for omsetjinga si av Napoli-kvartetten.

Utgjevingar

  • L'amore molesto (1992), norske omsetjingar: Hjemreise (1994) og Kvelande kjærleik (2018)
  • I giorni dell'abbandono (2002), norsk omsetjing: Svikne dagar (2017)
  • La frantumaglia (2003), norsk omsetjing: Frantumaglia: tankar, brev og intervju (2019)
  • La figlia oscura (2006), norsk omsetjing: Den dunkle dottera (2017)
  • La spiaggia di notte (2007), norsk omsetjing: Natt på stranda (2017)
  • L'amica geniale (2011), norsk omsetjing: Mi briljante venninne (2015)
  • Storia del nuovo cognome (2012), norsk omsetjing: Historia om det nye namnet (2015)
  • Storia di chi fugge e di chi resta (2013), norsk omsetjing: Dei som flyktar og dei som blir (2016)
  • Storia della bambina perduta (2014), norsk omsetjing: Historia om det tapte barnet (2016)
  • L'invenzione occasionale (2019), norsk omsetjing: Eit år med Elena Ferrante: spaltene fra The Guardian i samling (2020)
  • La vita buigarda degli adulti (2019), norsk omsetjing: Dei vaksnes løgnaktige liv (2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg