Kristin Sørsdal

Faktaboks

Kristin Sørsdal
Født
25. mars 1966, Tromøy i Arendal, Agder
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Kristin Sørsdal er forfattar og omsetjar. Ho har skrive fleirstemde og poetiske romanar og omsett dei fleste av Elena Ferrante sine bøker til nynorsk.

Bakgrunn

Kristin Sørsdal er fødd på Tromøy i Arendal kommune i Aust-Agder (no Agder). Ho har mellomfag i idéhistorie og italiensk frå Universitetet i Oslo (1989–1992). Mellom 1995 og 1996 var ho student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og seinare har ho teke grunnfag i nordisk (1996) og latin (2001) ved Universitetet i Bergen. I 2005 tok ho hovudfag i italiensk ved same universitet, og i 2013 tok ho også pedagogikk der.

Frå 1985 til 1988 budde Sørsdal i Napoli i Italia, der ho både studerte og hadde ulike jobbar. Ho har òg arbeidd som lærar, blant anna som ansvarleg for italiensk-klassen på Fana Folkehøgskole i Bergen (2007–2009). Mellom 2009 og 2014 var ho norsklærar for flyktningar og innvandrarar ved Nygård skole i Bergen.

Forfattarskapen

Sørsdal debuterte som forfattar med romanen Makabre bikkjer i 2010. Etter dette har ho gitt ut romanane Guds hund (2013) og Mare (2017). Som forfattar har Sørsdal bevegd seg i både mystiske og realistiske landskap, og romanane hennar er ofte fleirstemde. Språket er røft, og skildringane kan vere brutale, men ho skaper alltid poetiske stemningar i dei dunkle scenene ho skriv fram. I Mare skriv ho modig og komplekst om situasjonen til flyktningar i Europa, sett gjennom auga til ei norsk kvinne som reiser til Lampedusa, den vesle italienske øya som er sentrum for flyktninginvasjonen i Europa. Sørsdal viser den lokale dynamikken på øya og gir fleire perspektiv på tilværet der – og på dei som søkjer seg dit.

Omsetjingsarbeidet

Då debutboka kom ut i 2010 hadde Sørsdal allereie omsett kriminalromanen Pericle den svarte (2008) av den italienske teikneserieskaparen og forfattaren Guiseppe Ferrandino. Sidan har ho drive vekselbruk mellom skriving og omsetjing. Ho har stått for omsetjingar av ei rekkje av bøkene til den italienske forfattaren Elena Ferrante. Den såkalla «Napoli-kvartetten» kom ut på nynorsk mellom 2015 og 2017, og seinare har ho omsett Den dunkle dottera (2017), Svikne dagar (2017), Kvelande kjærleik (2018) og Dei vaksnes løgnaktige liv (2020), og dessutan Natt på stranda (2017), som er den einaste barneboka til Ferrante. I 2017 omsette Sørsdal dokumentarboka Grensa av den italienske forfattaren Alessandro Leogrande.

Sørsdal har fått aller mest merksemd for omsetjingane av Elena Ferrante. Romanane til Ferrante har vore både kritikar- og salssuksessar i Noreg, og dei er gjennomgåande og djupt prega av Sørsdal sin presise og levande nynorsk. Språket til Ferrante er rikt og vitalt, og gjennom eit samvitsfullt arbeid med ordval og setningsmelodi har Sørsdal makta å overføre det til ein tilgjengeleg og medrivande nynorsk.

Utmerkingar

I 2016 fekk Sørsdal Målprisen frå Noregs Mållag. I 2017 fekk ho Kritikarprisen for beste omsetjing for det siste bandet i «Napoli-kvartetten», Historia om det tapte barnet (2016). Under Litteraturdagane i Vinje i 2017 fekk ho også Storegutprisen for arbeidet med Ferrante sine bøker.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg