Franz Liszt som dirigent i 1865. Tresnitt

.
Lisens: fri

Den nytyske skulen er eit fellesnamn for ein sirkel med komponistar, musikarar og kritikarar i krinsen kring Franz Liszt. Desse var saman sette på som å representera moderne nyvinningar i tysk musikk, som framveksten av nye komposisjonsformer (symfonisk dikt, programmusikk og musikkdrama) og musikalske uttrykk; i breiare forstand skulle skulen representera ein moderne, intellektuell innfallsvinkel til musikk. Omgrepet blei fyrst brukt av musikkritikaren Franz Brendel (1811–1868) ved den fyrste forsamlinga for tyske musikarar, som vart halden i Leipzig i 1859.

Faktaboks

Etymologi
frå tysk, «die Neudeutsche Schule»

Den nytyske skulen er særleg assosiert med Liszt, Richard Wagner og Hector Berlioz, men omfatta i vidare forstand fleire mindre kjende komponistar – i sær elevar av Liszt – som Joachim Raff og Peter Cornelius. Desse meinte ein førte med seg ånda til Ludwig van Beethoven ved å halda fram med den radikale utfordringa til musikalske tradisjonar ein fann i verka hans, til skilnad frå ei meir konservativ linje, der ein brukte verka hans som malar for ny musikk.

Konseptet har aldri vore særleg einskapleg, og det inneheldt fleire indre motsetnadar. Liszt og Berlioz var ikkje tyskarar, men dette kom ein frå ved å peika på påverknad frå Beethoven. Samstundes var ein komponist som Bedřich Smetana, som stod Liszt nært musikalsk men komponerte nasjonalromantisk tsjekkisk musikk, aldri kopla til skulen. På motsett side var Robert Schumann inkludert i kraft av at han skreiv som musikkritikar i ein subjektiv, romantisk stil, men som komponist var han for bunden av fortida til å bli rekna som ein del av skulen. Wagner og Berlioz var lite interesserte i å utvikla «skulen» til å bli noko meir enn eit omgrep, og til sjuande og sist bestod han i hovudsak av Liszt og elevane hans.

Namnet spelar på ei forståing av Johann Sebastian Bach og Georg Friederich Händel som «Den gamaltyske skulen», med den Wien-sentrerte klassisimen som ei mellombels vinkling mot italiensk musikk som no var i ferd med å bli korrigert attende.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg