Dei seksten statane er ei nemning på statsdanningar i Nord-Kina i perioden 304–439, då nomadiske inntrengjarar gjorde slutt på det Vestre Jin-dynastiet og etablerte seg som herskarar.

Faktaboks

Uttale

sju-ljåo goå, IPA: [ʂɻ̩.ljoʊ.kʷo]

Etymologi

shí 十, "ti"

liù 六, "seks"

guó 国/國, "land", "stat", "rike"

Også kjend som

Pinyin: Shíliùguó

Forenkla teikn: 十六国

Tradisjonelle teikn: 十六國

Bokmål: de seksten stater, de seksten kongeriker

Engelsk: Sixteen Kingdoms

Òg kjend som "dei seksten statane til dei fem barbarfolka" (wǔ hú shíliù guó 五胡十六國)

Heilt sidan ein kinesisk identitet tok form, var dette første gong utanlandske folkeslag styrte delar av Kina – men det skulle ikkje bli den siste. Det var òg første gong mongolsktalande folk dominerte steppene nord for Kina. Såleis kan ein sjå på perioden som eit frampeik mot Yuan-dynastiet og det mongolske verdsriket.

Opphav og hovudtrekk

Som dei seks dynastia i Sør-Kina var dei seksten statane eit resultat av oppløysinga av Kina i og med kollapsen til Han-dynastiet på byrjinga av 200-tallet. Etter ei kort samling i det Vestre Jin-dynastiet (280–304) vart Kina delt langs Yangze-elva i to geografiske, politiske og kulturelle hovudsenter i nord og i sør. Medan Sør-Kina, trass i fem dynastiske skifte, i den følgjande perioden vart verande ei geografisk samanhengande eining, rakk minst 16 statar å etablere seg i Nord-Kina mellom 304 og 439, mange av dei på same tid.

Ein lengre variant av namnet på perioden er «dei seksten statane til dei fem barbarfolka». Nemninga «barbarfolka» siktar til forskjellige ikkje-kinesiske nordlege folkeslag, som i perioden utgjorde herskarklassen i dei fleste av statane. Desse kjempa mot kvarandre, og fleire av dei òg mot den kinesiske keisaren i Sør-Kina. Somme gav jamvel eigen herskar keisartittelen.

Det viktigaste av desse folka var xiānbèi (鮮卑), eit protomongolsk folkeslag.

Kimen til maktovertakinga vart sådd under den korte samlinga av Kina i 280–304, då det Vestre Jin-dynastiet nytta utanlandske leigetroppar til å slå ned dei andre kinesiske tronpretendentane.

Slutt og betyding

Perioden for dei seksten statane blir rekna som avslutta i 439, då éin av dei, Nordre Wei, vann over dei andre og dimed sameinte Nord-Kina. (Nordre Wei blir av den grunn ikkje rekna blant dei seksten.)

Kampen mellom Nordre Wei og Sør-Kina enda til slutt med ei samling, først i Sui og så det mektige Tang, båe med viktige kulturelle, politiske og etniske «barbariske» innslag – med røter i dei seksten statane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg