Clive er eit mannsnamn som går tilbake til gammalengelsk clif (jamfør engelsk cliff som tyder ‘fjellskrent’). Clive er også eit slektsnamn.

Det norske ordet kleiv er i slekt med ordet cliff, og det sjeldne Kleiv er brukt som førenamn i Noreg, til dømes LO-leiar i Oslo, Kleiv Fiskvik (fødd 1943).

Kjende personar med namnet Clive

Eit utval personar med namnet Clive, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Clive som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg