Cicilie

Artikkelstart

Cicilie er eit kvinnenamn. Det er ein variant av det latinske Cecilia som går tilbake til det romerske slektsnamnet Caecil-ius/-ia laga til adjektivet caecus som tyder ‘blind’. Den andre vokalen i det opphavlege Cecilia har smitta over på den fyrste slik at resultatet vart Cicilie.

Namnet har fleire variantar: Secilie, Cesilie, Cecilie, Cecelia, Seselia, Cicilie, Ceselie, Cecelie, Sesilie, Cisilie, Cesilia, Cecilia, Sisilie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 250 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Cicilie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg