Brage er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Bragi. Dette norrøne namnet kan vere laga til adjektivet bragr med tydinga ‘den fremste’ eller til substantivet bragr som tyder ‘diktekunst’.

Namnet vart tatt i bruk att i 1874.

Personar med namnet Brage

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var cand. theol. og lærar Brage Høyem fødd 1874 i Trondheim, busett i Volda i 1900.

Kulturell bruk

  • Skalden Brage Boddason (800-talet).
  • Hovudpersonen Brage Bragesson i «Koloss» (1963) av Finn Alnæs.

Kjende personar med namnet Brage

Eksempel på ein person med namnet Brage som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 374 menn i Noreg som hadde Brage som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 128 gutar som fekk namnet Brage, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, er det forholdsvis få som har vore på topp etter 1990, til dømes Brage, Brede, Sigve, Sindre, Snorre, Sondre, Vetle og Ådne.

Utvikling i bruk av namnet Brage frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Brage frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg