Smørstabbrean

Smørstabbrean og Smørstabbtindan sett frå nordvest.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Smørstabbrean er eit breparti i Lom kommune, eit av Jotunheimens største. Det ligg mellom Storutladalen–Gravdalen i sør, Leirdalen i aust og Breidseterdalen–Bøverdalen i vest og nord. Brearealet er i alt om lag 25 kvadratkilometer. Smørstabbrean ligg i Jotunheimen nasjonalpark,

Faktaboks

Også kjent som

Smørstabbreen

Smørstabbrean er krona av dei spisse Smørstabbtindan med fleire toppar over 2000 moh.:

  • Storebjørn 2222 meter over havet
  • Store Smørstabbtinden 2208 meter over havet
  • Sokse 2189 meter over havet
  • Kniven 2133 meter over havet
  • Skeie 2118 meter over havet

Namnet Smørstabbrean blir mest brukt om breen sør for desse toppane. Dei andre breane har eigne namn: Bøverbrean og Leirbrean i vest, Storbrean og Bjørnbrean i aust.

Fleire turistruter går over breen, mest brukt er ruta KrossbuLeirvassbu.

Som dei fleste norske breane er Smørstabbrean i tilbakegang, med ein stort sett negativ årleg massebalanse. Tabellen syner brearealet i dag og brefrontens tilbaketrekning 1900-2015.

Bre Areal (km2) Tilbaketrekning (m)
Leirbrean 4,8 886
Bøverbrean 797
Storbrean 5,1 1208

Namnet er eit samanlikningsnamn: 'ein stabbe med smør'.

Kart

Smørstabbrean
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg