Audun Sjøstrand

Faktaboks

Audun Sjøstrand
Født
11. april 1950, Radøy, Vestland

Artikkelstart

Audun Sjøstrand er lektor, bokmeldar, korist og forfattar av prislønt vestlandskrim i åra 1985–1991.

Bakgrunn

Audun Sjøstrand er fødd på Radøy (no Alver) i Hordaland (no Vestland). Han har engelsk mellomfag, litteraturvitskap grunnfag og hovudfag i nordisk frå Universitetet i Bergen (1977). Sjøstrand har arbeidd som journalist i Gula Tidend (1969–1970) og som lektor i vidaregåande skule sidan 1978 i Bergen, Verdal, Lindås og Atlantic College i Wales. Han arbeider som lektor ved Knarvik vidaregåande skule og er bokmeldar i Bergens Tidende (frå 2008). Sidan 2002 har han sunge bass i Bergen mannskor og skrive tekstar til fleire av dei songane koret har på repertoaret.

Forfattarskapen

I 1979 gav han ut Roman – drama – film. Tarjei Vesaas' Vårnatt i tre versjonar. Ein samanliknande analyse. Boka var basert på hovudoppgåva hans.

Sjøstrand debuterte skjønnlitterært med kriminalromanen Hundemordet (1985) frå eit skulemiljø, og med den skapte han det ein kan kalle bygdekrim. Ureint trav (1987) hadde miljø og handling frå travmiljø, og i Valsekongens fall (1991) møter vi vaktmeisteren på Måsøy skule, som har dametekke og dansar som ein gud, før nokon tek livet av han. Sjøstrand framstiller livet i eit lite bygdesamfunn i bøkene sine og skriv underfundig og innforstått, med ei medrivande og truverdig forteljarevne.

Utmerkingar

Han fekk Melsomprisen i 1986 for Hundemordet og Rivertonprisen i 1991 for Valsekongens fall.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg