Arnbjørn

Artikkelstart

Arnbjørn er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arn-bjǫrn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘bjørn’.

Ein rovfugl og eit rovdyr i same namn er ein sterk kombinasjon. Det same gjeld til dømes Arnulf og Ørnulf der forleddet tyder ‘ørn’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet har fleire variantar: Arnbjørn, Ambjørn, Anbjørn, Annbjørn.

Personar med namnet Arnbjørn

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var jordbruksarbeidar Arnbjørn Kvalvaag fødd 1885 i Strand (Rogaland).

Kjende personar med namnet Arnbjørn

Eit utval personar med namnet Arnbjørn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Arnbjørn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg