Annstein

Artikkelstart

Annstein er eit mannsnamn. Det er ein variant av Arnstein som går tilbake til det norrøne Arn-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘stein’.

Namnet har fleire variantar: Annstein, Anstein, Ansten, Arnstein.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Annstein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg