PSNI i opprørsutstyr ved ein pansra politibil i samband med gateuro i Belfast i 2011.
Politi i opprørsutstyr og ved pansra politibil i samband med gateuro i Belfast i 2011.

Police Service of Northern Ireland er politietaten i Nord-Irland. Den gamle politistyrken i Nord-Irland, Royal Ulster Constabulary (RUC) vart reformert og fekk namnet Police Service of Northern Ireland frå 4. november 2001. Dette var ei av mange verknader av Langfredagsavtala frå 1998. I dag har PSNI ein stab på i overkant av 7000 tilsette, og er den tredje største politistyrken i det Foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, etter Metropolitan Police (stor-London) og Police Scotland.

Faktaboks

Også kjend som

PSNI

Historikk

Den gamle politistyrken, Royal Ulster Constabulary (RUC), oppnådde aldri brei legitimitet blant nasjonalistane i Nord-Irland (dei som ynskjer eit foreint Irland). RUC vart ofte skulda for hardhendt valdsbruk, unionistisk slagside og nært samband med para-militære lojalistar, og ved ein del høve er dette også godt dokumentert.

Frå starten vart det difor laga eit program for å sikra at PSNI fekk polititenestemenn på alle nivå med rimeleg ballanse mellom protestantar og katolikkar. I 2005 vart det også skipa eit Historical Enquiries Team (HET) med 100 etterforskarar og støttestab for å granska drapssaker som ikkje var oppklåra frå the troubles eller som det var grunn til å ettergå etterforskinga i. På grunn av eit budsjettkutt i 2014, vart HET bytt ut med ei vesentleg mindre eining for historiske saker.

Frå 2007, då Sinn Féin-landsmøtet vedtok at partiet skulle stø opp om PSNI med stort fleirtal, kan ein seia at målet om brei legitimitet i vesentleg grad var nådd. Føresetnadene for å få til dette var både omfattande nyrekruttering av menn og kvinner som både spegla det politiske og religiøse mangfaldet betre, som tenkte annleis om kva som var akseptabel framferd – og at PSNI fekk eit vesentleg leiarinnslag som var rekruttert utanfrå. Police Service of Northern Ireland er i dag leidd av sjefkonstabel Simon Byrne, som tidlegare i politikarrieren har tenestegjort i Metropolitan Police og andre politieiningar i engelske storbyar.

Notidige utfordringar

Prinsippet om halvt om halvt rekruttering av personar med nasjonalistisk og unionistisk bakgrunn til PSNI møtte motstand, særleg frå Democratic Unionist Party. I 2011 vart prinsippet forlate. Oppunder ein tredel av PSNI har no bakgrunn frå den nasjonalistiske delen av folket, og dei difor framleis tydeleg "underrepresenterte". Denne tendensen er langt sterkare høgt i stillingshierarkiet. Samanlikna med dei 8,3 prosentane då Royal Ulster Constabulary (RUC) vart oppløyst ved namneskiftet til PSNI, er dette likevel ei sterk betring. I 2023 skreiv den moderate nasjonalistavisa Irish News på kommentarplass at det er mange prov på at PSNI ikkje er ein venleg eller imøtekomande politistyrke for katolikkar.

Republikanske dissidentar (motstandarar av Langfredags- og St. Andrewsavtalene frå 1998 og 2006) har gjennomført åtak mot PSNI. Sumaren 2023 vart det kjend at slike grupper hadde fått tilgjenge til opplysningar om mange tusen PSNI-tilsette, og oppunder 1000 PSNI-tilsette har etter dette varsla uro og krav om sterkare sikringstiltak i og utanfor polititenesta. PSNI har også utfordringar med blodige bandeoppgjer om pengar frå menneske- og narkotikasmugling og om territoriell kontroll mellom ulike fraksjonar av lojalistiske paramilitære organisasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bowling, B. m.fl. (2019); The Politics of the Police. 5.utg. Oxford University Press.
  • Murphy, J. (2008); RUC to PSNI. A study of Radical Organizational Change. PhD-dissertation, Trinity College Dublin.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg