Alexsander er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av det greske Aléx-andros der forleddet tyder ‘forsvare’ og etterleddet ‘menneske, mann’.

Bokstavkombinasjonen [xs] i staden for [x] kan synast unødvendig.

Namnet har fleire variantar: Aleksander, Alexander, Alexsander.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 menn (fødde i Noreg) som hadde Alexsander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Alexsander i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Alexsander. Dette inneber at 40 prosent hadde Alexsander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg