Alexander er eit mannsnamn. Det kjem av det greske Aléx-andros. Forleddet tyder ‘forsvare’ og etterleddet ‘menneske, mann’.

Namnet har fleire variantar: Aleksander, Alexander, Alexsander.

Personar med namnet Alexander

Kulturell bruk

  • Filmen «Fanny og Alexander» (1982) av Ingmar Bergman kan ha medverka til populariteten på slutten av 1900-talet.

Kjende personar med namnet Alexander

Eit utval personar med namnet Alexander, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 096 menn i Noreg som hadde Alexander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Alexander var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 82 gutar som fekk namnet Alexander.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Aleksander og Alexander slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, eventuelt fire stavingar (som Aleksander og Alexander). Dette gjeld til dømes Adrian, Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Alexander frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Alexander frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg